
Gode barnehagar - for framtidas skuld
- Aldri før har det blitt tildelt så mykje pengar til barnehagerelatert forsking, sa statssekretær Rebekka Borsch under opninga av det nye senteret BARNkunne.
- Eg er audmjuk over å ta innover meg det alvoret det er å leie dette senteret, og den tilliten eg har fått. Det er vårt ansvar å rette søkjelyset på moglegheitene for framtida, sa Elin Eriksen Ødegaard, professor ved HVL. Ho skal leie det splitter nye senteret for barnehagerelatert forsking.
Opninga gjekk føre seg på Campus Kronstad onsdag, med besøk frå statssekretær Rebekka Borsch, skulebyråd Roger Valhammer og ei rekkje tilreisande dekanar og professorar ved ulike institusjonar i landet.
Senteret, som har fått namnet BARNkunne - senter for barnehagerelevant forsking, har fått i oppdrag å søkje ny kunnskap og samstundes ta tak i sosiale utfordringar og berekraftig praksis i barnehagen.
- BARNkunne skal vektleggje leik, danningsprosess, kunst og kultur gjennom eit breitt kunnskapsgrunnlag, informerte Ødegaard.
Samarbeid med utlandet
Rektor ved HVL, Berit Rokne, opna senteret med mange lovord om BARNkunne.
- Eg vil takke professor Elin Eriksen Ødegaard for jobben ho har gjort for å få dette senteret til HVL. Vi opplever grunngjevinga bak tildelinga som ei stadfesting på at vårt forskingsmiljø er anerkjent, sa Rokne.
Senteret er aktør i rammeprogrammet til EU og har allereie etablert eit samarbeid med ulike internasjonale forskingsmiljø.
- Dette er eit kvalitetsstempel. HVL har eit sterkt miljø innan barnehageforsking som dessutan har internasjonale relasjonar, sa rektor til salen.
Ei stor veke for HVL
Barnehagelærarutdanninga ved HVL er nest størst i landet. Opninga av senteret skjer same veke som utdanningsprogrammet fyller 70 år.
- I dag er vi i ein heldig situasjon der dei aller fleste barn går i barnehage. Likevel veit vi at det er store variasjonar i tilbodet, i tillegg til at det er variasjonar i barnehagelærarutdanninga. Derfor har vi behov for meir forsking, sa statssekretær Rebekka Borsch.
Kunnskapsdepartementet har innvilga 50 millionar kroner til slik forsking, der Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Stavanger har fått 25 millionar kroner til kvart sitt senter.
- Aldri før har det blitt tildelt så mykje pengar til barnehagerelatert forsking. Det lovar godt for å auke kvaliteten i barnehagane, slik at vi kan forme verdiane til borna for ei berekraftig framtid, sa statssekretæren.
- Innhaldet er viktig
Også den nye skulebyråden i Bergen, Roger Valhammer, var oppteken av framtida i dagens tale:
- Bergen kommune ser fram til resultatet som BARNkunne kan gje på sikt. Vi lever i ei tid der ulikskapen i samfunnet aukar, også i skule og i barnehage. Vi bør førebu ungane på ei framtid som blir annleis enn før, og kanskje særleg når det gjeld det digitale skiftet.
Valhammer poengterte også at at innhaldet i barnehagen er viktigare enn nokon gong no når barnehagedekninga er blitt så god.
- De har ei stor oppgåve framfor dykk, avslutta byråden.