
Oppdatert universitetssøknad til NOKUT
10. september 2025 vart Høgskulen på Vestlandet sin oppdaterte universitetssøknad levert NOKUT.
I oversendingsbrevet skriv rektor Gunnar Yttri:
Høgskulen på Vestlandet sender med dette vår oppdaterte søknad om å verta akkreditert som universitet. Vår opphavlege søknad, levert NOKUT i juni 2024, er oppdatert og samsvarar no med den nye universitets- og høgskuleforskrifta av 1. august 2024.
Med tida som har gått frå søknaden vart levert og fram til september 2025, har HVL også nytta høvet til å oppdatera søknaden med tilgjengelege relevante tal og data frå 2024. På same vis som søknaden som vart levert i juni 2024, er den oppdaterte søknaden delt inn i 11 kapittel og vedlegga er samla i eit eige dokument.
Å få akkreditering som universitet er særs viktig for HVL og for samfunnet ikring. Det komande Universitet på Vestlandet vil bidra til:
- Auka kvalitet og kapasitet i utdanning, forsking og nyskaping.
- Auka attraktivitet for studentar og tilsette.
- Auka konkurransekraft.
- Auka innverknad og samspel regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Her finn du den oppdaterte universitetssøknaden
NOKUT er no i gang med å få på plass sakkunnige til hovudkomité og faggrupper til vurdering av søknaden. I brev frå NOKUT til HVL av 28. mai er følgjande sakshandsaming og tidslinje skissert:
- Vår 2026 : Dei sakkunnige vitjar HVL
- Tidleg haust 2026: Rapport og tilråding frå dei sakkunnige ligg føre.
- Innan utgangen av 2026: Vedtak i NOKUT-styret
No når HVL har levert den oppdaterte universitetssøknaden, er det venta at NOKUT kjem tilbake med ei nærare avklaring for vidare framdrift og organisering av sakshandsaminga.