
Opprettar ny grunnskulelærarutdanning for 1.–10. trinn på Stord og i Haugesund
Høgskulen på Vestlandet startar opp ny grunnskulelærarutdanning for 1.–10. trinn hausten 2027. Det blei vedtatt i styremøtet 26. november. Utdanninga gjer at lærarar kan undervise på alle trinn i grunnskulen og i fleire fag. I tillegg vil det vere mogleg å ha deltidsjobb i skulen under utdanninga.
Etter tett dialog med kommunar har Høgskulen på Vestlandet (HVL) søkt Kunnskapsdepartementet om å få starte opp grunnskulelærarutdanning for 1.–10. trinn. I dag er lærarutdanninga delt i 1.–7. trinn og 5.–10. trinn. Svaret frå departementet kom 25. november, og dei gir klarsignal for ei forsøksordning.
– Vi er veldig glade for at vi får starte opp denne utdanninga. Skulane i regionen, særleg på Haugalandet, har vore tydelege på at dei har behov for lærarar som kan undervise på fleire trinn i grunnskulen. Særleg gjeld dette for mindre kommunar, seier Sigurd Sandvold, prodekan for nyskaping og regional utvikling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Tett dialog om behova i skulen
Kommunane som deltar i forsøksordninga er Haugesund, Vindafjord, Karmøy, Tysvær, Utsira, Bokn, Sauda og Suldal. I desse dagar er ny felles rammeplan for lærarutdanningane ute på høyring. Her blir det lagt vekt på at lærarutdanningane skal utviklast i tett samarbeid med praksisfeltet. Oppbygginga av denne utdanninga er eit døme på det.
– Heilt frå starten av har vi hatt tett dialog med kommunane om behova i skulen og kva som er mogleg å få til innanfor gjeldande rammer for lærarutdanning. Vi set stor pris på det tette samarbeidet og den betydelege innsatsen kommunane har lagt ned i dette arbeidet, seier Sandvold.
Kan undervise i fleire fag
I tillegg til å kunne undervise i heile grunnskulen, skal lærarane kunne undervise i fleire fag. I dag får lærarar kompetanse til å undervise i 2-4 fag, medan dei i den nye utdanninga vil kunne få undervisningskompetanse i inntil seks fag.
– Mange skular har behov for at lærarane kan undervise i fleire fag enn det som er tilfelle i dag, derfor vil vi legge til rette for det. Samstundes er det viktig med djupnekunnskap i fag ein skal undervise i. For dei som siktar seg inn på å undervise på ungdomsskulen vil det vere naturleg med færre fag enn seks, seier Sandvold.
Oftare praksis og tilbod om deltidsjobb
Det blir ofte snakka om «praksissjokket», og at lærarar ikkje er godt nok førebudd på kva som ventar dei i klasseromma når dei er ferdig med utdanninga. I dagens utdanning er praksis delt opp i samanhengande periodar på nokre veker, og det går tid mellom kvar praksisperiode.
I 1.–10.-utdanninga vil studentane høyre til ein fast skule gjennom semesteret og ha jamleg praksis gjennom året. Kommunane som er med på forsøksordninga vil også gi tilbod om deltidsstilling i skulen til studentar som er under utdanning.
– Dette er ein ny måte å organisere praksis på. Vi håper det vil gi studentane meir erfaring frå skulen undervegs i studieløpet og gjere dei endå betre rusta til det som ventar dei i klasserommet etter endt utdanning, seier Sandvold.
Gjer utdanninga meir fleksibel
Dei siste åra har det blitt færre søkarar til grunnskulelærarutdanninga på Stord, i likskap med utviklinga i resten av landet. Sidan 2017 har nedgangen vore på rundt 40 prosent nasjonalt, medan den har råka Stord og mindre campusar endå hardare. Den nye utdanninga vil vere på heiltid, men meir fleksibel. Ho er samlingsbasert, med samlingar både i Haugesund og på Stord, i tillegg vil noko vere digitalt.
– Vi håper fleksibiliteten vil føre til at fleire søker seg til lærarutdanninga, og at vi også kan nå nye målgrupper. Utdanninga kan til dømes vere aktuell for folk som i dag jobbar i skulen, men som ikkje har lærarutdanning, seier Sandvold.
– Å ha samlingar både i Haugesund og på Stord vil auke rekrutteringsgrunnlaget vårt i regionen, samstundes er vi og ei av få institusjonar i landet som tilbyr 1.–10 utdanning. Vi har dermed også potensial for å rekruttere meir nasjonalt, legg han til.
Nye grep for å rekruttere fleire til barnehagelærar
Bachelor i barnehagelærarutdanning på Stord blir også meir fleksibel frå neste studieår, noko som inneber endringar i organiseringa. Utdanninga vil bli drifta av tilsette på barnehagelærarutdanninga på Stord, men vil gå frå å vere heiltid på campus Stord til å bli samlingsbasert på Stord og i Haugesund.
Søkartala til barnehagelærarutdanninga har gått betydeleg ned nasjonalt sidan 2019. Til trass for eit godt studentmiljø og at Stord har hatt landet sine mest nøgde barnehagelærarstudentar fleire år på rad, har altså nedgangen også ramma her. Særleg dei siste fem åra har det vore ein markant nedgang i talet på studentar på barnehagelærarutdanninga på Stord. Som for lærarutdanninga, er målet å auke rekrutteringsgrunnlaget og nå fleire målgrupper.
– Håpet er at vi med desse endringane kan klare å snu den negative utvikling og rekruttere betre. Det er behov for barnehagelærarar, både i regionen vår og nasjonalt, seier Ingrid Arnesen Råheim Grønsdal, assisterande instituttleiar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
– Sidan det i dag er få studentar på barnehagelærarutdanninga vil ikkje endringane få store følger for det samla studentmiljøet på Stord. Dersom vi klarer å rekruttere betre, håper vi på sikt at det vil styrke Stord, legg Grønsdal til.
Heile studieporteføljen for campus Stord og resten av HVL blei vedtatt av styret ved HVL på styremøtet torsdag 26. november.