Tre modellforslag har blitt til eitt

Korleis skal Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett organiserast? Den nye dekanen har no sendt eit forslag til fagmiljøa.

Forslaget kjem på bakgrunn av den prosessen som blei sett i gong våren 2017, og på bakgrunn av høyringsinnspela frå fagmiljøa

Tre modellar blei jobba fram og sendt på høyring: Den eine modellen var disiplinorientert, den andre var profesjonsorientert og den tredje var ein hybridmodell. 

Foreslår ein disiplinmodell

Tilbakemeldingane frå høyringsinstansane synte at det store fleirtalet ønskjer ein disiplinmodell. Profesjonsmodellen fekk støtte frå eit mindretal, medan ingen hadde hybridmodellen som førsteval. 

Dei tre dekanane legg no på bordet ein modell som baserer seg på disiplinmodellen i høyringsdokumentet. I tråd med fleire tilbakemeldingar i høyringa har ein redusert talet på institutt. 

Sjå notatet "Organisering av Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett".

Dato for høyringsmøte

Dette forslaget er grunnlag for høyringsmøte for tilsette, tillitsvalde og studentråda. Her vil modellen bli nærare presentert og diskutert: 

  • Sogndal: 23. august
  • Stord: 24. august 
  • Bergen, 28 og 29. august:

Sjå oversikt over tid og stad for møta.

Namna på institutta vil bli foreslått i etterkant av møta på dei tre studiestadane. 

Status i høyringane

Alle høyringar om instituttstruktur for dei fire fakulteta i HVL er no sendt ut.

Sjå status for dei ulike på kva skjer-sida til Fagleg organsering (under veke 33).