Pandemien kan gi grobotn for ein ny og betre skule

Erfaringa med koronaskulen kan bli startskotet til å utvikle eit globalt klasserom, trur forskar Oded Ben-Horin – ein skule der elevane lærer i lag med jamaldringar over heile verda.

Han høyrer til eit tverrfagleg miljø på lærarutdanninga på Stord og er sterkt oppteken av kunstfaga si rolle i framtidas skule. Dei har lenge jobba med nyskapande undervisningsmetodar der dei kryssar både faglege grenser og landegrenser for å gi elevane eit heilt nytt boltringsrom.

No har Ben-Horin og Janne Robberstad fått 2,5 millionar kroner frå den europeiske kommisjonen for å utvikle og sette i verk nye løysingar for skulen i lys av pandemien, i samarbeid med forskarar frå Hellas, Irland og Portugal.

- Skulane verda rundt har blitt tvinga inn i ein ny røyndom som dei var lite førebudde på. I innovasjonsprosjektet NEXT STEP vil vi foreslå konkrete metodar for korleis skulane kan handtere dette og på same tid vere med på å utvikle gode løysingar for heile samfunnet, seier Ben-Horin.

Å syngje om tyngdekrafta

Robberstad, Ben-Horin og forskarmiljøet på Stord har lenge jobba med å bringe kunstfaga inn i realfaga. Du kan nærme deg ei oppgåve med mange forskjellige blikk og tenkemåtar, er ideen, og dei har fått prøve det ut i praksis mellom anna gjennom prosjektet Global Science Opera. Det er ei årleg, digital operaframsyning skapt av skular på fleire kontinent. Første produksjon blei framført i 2015. Gjennom åra har dei produsert operaer om ulike vitskaplege tema – til dømes ein opera om tyngdekrafta som blei laga i samarbeid med elevar frå blant anna øya Principe i Afrika i 2019.

- Korleis skrive ein song om vulkanar, eller eit dramastykke om molekyler? Slike spørsmål lèt elevar ta i bruk intellektet sitt på nye og kreative måtar, og engasjerer dei i kunnskapen på ein annan måte enn tradisjonelle læremetodar, seier Ben-Horin.

- Menneske i det 21. hundreåret vil vere avhengige av å kunne tenkje slik – tverrfagleg, kreativt og i djupna – for å finne løysingar på samtidas utfordringar.

Ein skule der barna får noko nytt

I løpet av koronatida har norske elevar fått mindre kontakt med kvarandre på tvers av klasser og aldersgrupper, på grunn av lange periodar med heimeskule og oppdelinga i mindre kohort i skuletida. Likevel har det oppstått ein ny form for digital nærleik som ikkje har vore der før, sidan både lærarar og elevar har blitt meir fortrulege med å jobbe på digitale plattformer.

- Vi ønsker å vere med på å skape ein ny skule som vi er hundre prosent nøgde med, der vi opplever at barna taper minst mogeleg, trass forholda i samfunnet rundt. Dei skal få det dei treng, både sosialt og fagleg, seier Ben-Horin.

Ved å etablere internasjonale skulenettverk og bruke ny teknologi vil forskarane i samarbeid med skulane utvikle ein ny form for sosial samanheng. Norske elevar skal kunne lære og skape kunstfaglege produksjonar i lag med elevar frå andre land, i samspel med andre samfunnsaktørar som til dømes bedrifter, kunstnarar og forskarar. Dette vil også vere med på å innfri regjeringa sine ambisiøse planar om internasjonalisering av skuleverket.

Å utdanne verdsborgarar

Ofte handlar internasjonalisering i skulesamanheng om direkte kontakt mellom skular og korte reiser på utveksling – noko som har blitt umogeleg under pandemien. Men Ben-Horin vil at skulen skal ta eit mykje større skritt mot å bli verkeleg internasjonal.

- Barna våre veks opp i ei verd som er radikalt annleis frå tidlegare. Dei største samfunnsproblema som treng løysingar no, er internasjonale, og dei som veks opp no vil vere avhengige av å tenkje globalt. Viss dei alt i barndommen blir vane med å jobbe i lag med barn i andre land, vil det bety mykje for korleis dei agerer seinare, trur Ben-Horin.

- Vi har tidlegare opplevd at å skape i lag med elevar frå andre land er ein god måte å lære om demokrati og inkludering i praksis. No vil vi utvide dette til å inkludere nye, tverrfaglege læreplanar som skal brukast i skular i fleire land.

Blande faga, få alle med

Ben-Horin ønsker at skuleelevane mest mogeleg skal ha opplevinga av å vere på same stad. Då blir teknologi ei avgjerande side av saka, sidan teknologien er ein hovudmetode for å komme saman i verda etter korona. Ein stor del av prosjektet handlar om å utvikle gode digitale løysingar som opphevar kjensla av avstand, med anna ved hjelp av kunstig røyndom (VR) og utvida røyndom (UV).

Men like viktig som den digitale teknologien, er tverrfaglege undervisningsmetodar. Internasjonal undervisning av denne typen må ha ei tverrfagleg tilnærming for å fungere godt, seier Ben-Horin, fordi dette også handlar om inkludering:

- Sjå føre deg ein elev som er svak i matematikk og difor kjenner seg utafor og utrygg i matematikktimane. Viss ho får oppgåva å lage ein song om matematiske teoriar, og musikk er eit fag ho står sterkare i, ja, så får den eleven plutseleg eit heilt anna rom til å utfalde seg, seier han.

Starta som jazzsongar

Sjølv har Oded Ben-Horin gjort eit liknande sprang i sitt eige liv. Han starta karrieren sin som jazzsongar, men hadde heile tida ei sterk interesse for vitskap og realfag. Dermed fann han ut at han kunne kombinere desse to sidene av seg sjølv ved å syngje om vitskap. I nokre år var han del av eit band som kalla seg The Science Fair. Sidan har erfaringa frå musikken prega måten hans  å jobbe med undervisning, leiing og forsking på høgskulen.

- Som songar tenkte eg at det kunne vere spennande å syngje om noko heilt anna enn det vanlege, så då blei det songar om vitskap. Så fekk dei andre halde fram med å syngje om haustlauv som fell og romantikk! Det er fint det også, altså - men det er bra å finne sitt eige, noko ein sjølv brenn for å uttrykkje.

Fakta:

  • Global Science Opera (GSO) er det første operainitiativet i historia der opera blir produsert og framført globalt. Det er eit kreativt, tverrfagleg utdanningsprosjekt som nyttar seg av digitale teknologiar for å framføre årlege vitskapsinspirerte operaer i lag med skular, forsking- og kunstinstitusjonar og universitet på tvers av kontinenta. GSO har gjennom åra blitt delvis finansiert av EU og Forskingsrådet.
  • Global Classroom er eit initiativ ved HVL campus Stord. Målet er å utvikle teknologien som trengst for å etablere eit levande globalt klasserom der elevar og lærarar frå heile verda kan vere med.
  • NEXT STEP er eit EU-prosjekt som involverer forskarar frå Noreg, Portugal, Hellas og Irland. Det er finansiert gjennom ordninga Erasmus+ med eigne midlar knytt til Covid 19-pandemien. Frå mars 2021 vil forskarane i prosjektet jobbe saman med skular med mål om å utvikle dei til å bli viktige møteplassar for elevar, lærarar, kunstnarar, forskarar, næringslivsaktørarar og politiske aktørar. Slik vil dei utvide lærignsrommet og det sosiale spelerommet for skulelevar både lokalt, nasjonalt og globalt.
  • Oded Ben-Horin er instituttleiar ved institutt for kunstfag, tidlegare fagleg leiar for forskingssenteret CASE ved HVL, og har ein mangfaldig bakgrunn, mellom anna som både jazz- og acapellasongar.

 

Global Science Opera (GSO) er ein årleg digital og global operaproduksjon. Her frå eit arbeidsmøte på øya Principe i 2019, då lærarar og forskarar jobba saman for å lage operaen «Gravity». Einsteins generelle relativitetsteori blei bevist med data samla på nettopp Principe nøyaktig hundre år tidlegare. Basert på GSO-arbeidet jobbar no fagmiljøet på Stord med utviklinga av ein teknologisk plattform som skal danne «Det globale klasserommet».