
Skal gi HVL-forskinga ei tydelegare strategisk retning
10. november vedtok rektor nye retningslinjer for forskinga ved Høgskulen på Vestlandet.
Etter vedtak frå rektor 10. november har HVL no ein ny policy for forsking. Høgskulen på Vestlandet skal bli det arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet, og den nye policyen er med på stake ut kursen.
– Føremålet med dette arbeidet er å gi ei tydelegare strategisk retning for forskingsverksemda til HVL, seier prorektor for forsking, Christine Øye.
Ho har leia arbeidet med den nye policyen.
– Det handlar om å få betre og meir forsking, med tydeleg forankring i akademiske grunnverdiar, legg prorektoren til.
Grundig førearbeid
Allereie hausten 2024 blei behovet for ein eigen policy for forsking løfta i høgskulestsyret. Februar 2025 blei det sett ned ei eiga arbeidsgruppe, leia av prorektor for forsking og med medlemmer frå alle fakulteta ved HVL.
Eit førsteutkast av policyen blei sendt ut på høyring i juni i år, til fakulteta, prorektorane og direktørane i høgskulen. I september drøfta arbeidsgruppa innspela, og dei reviderte policyen.
Oppfølging av policyen
Det er sett av midlar til vidare arbeid med policyen i høgskulebudsjettet for 2026.
– Policyen vil bli følgd opp i fakulteta og danne grunnlaget for forskingsprioriteringane i åra som kjem, seier prorektor Øye.
I samband med oppfølginga av policyen, blir det lyst ut to satsingar som HVL-forskarar kan søke på: utvikling av eit framifrå forskingsmiljø og oppretting av eit radikalt tverrfageleg forskingssamarbeid. Desse satsingane blir lyst ut internt.
Policyen gjeld i første omgang fram til 2030.