
Pris for likestilling, inkludering og mangfold til Skaten og Urdal
Måndag blei HVL sin nye pris for likestilling, inkludering og mangfold delt ut til Ingeborg Skaten og Gro Hege Saltnes Urdal, begge ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.
Saman har dei forska på inkludering av høyrselshemma i høgare utdanning og i grunnskolen. Dette har mellom anna resultert i utvikling av BA-studiet i teiknspråk og tolking, ved HVL, til å inkludere både døve og høyrande studentar
– Vi er svært overraska og takksame for tildelinga av LIM-prisen, seier vinnarane, som er glade for denne anerkjenninga av noko dei brenn for.
Prisen blei delt ut av rektor Gunnar Yttri i eit digitalt møte i Råd for likestilling, mangfald og inkludering. Han peika på at denne prisen skal markere og løfte frem noko av det viktige arbeidet som blir gjort i høgskulen, og skape et føredøme for fleire.
Samspel mellom tolkeutdanninga og arbeidslivet
Irina Pavlova sit i komiteen som deler ut prisen, og ho fortel kva som utmerkte seg med dei to kandidatane som fekk den i år.
– Vi hadde mange gode kandidatar til prisen i år, men det som tidleg peikte seg ut ved desse to var det systematiske arbeidet på fleire område: utviklinga av utdanningstilbodet, fokus på mangfold og inkludering gjennom forsking, formidling og gjennom direkte kontakt med arbeidslivet.
Dei viser at auka samspel mellom tolkeutdanninga og arbeidslivet kan vere ein gode for alle partar, seier ho.
Urdal og Skaten har samarbeidd med Bergen Døvesenter og med NAV kring spørsmålet om arbeidslivet er klare til å ta imot døve, profesjonelle tolker.
Godt dokumentert arbeid
Pavlova rosar òg den gode dokumentasjonen på arbeidet deira:
– Vinnarane har over tid dokumentert arbeidet sitt på ein omfattande måte, og denne dokumentasjonen (i form av artiklar, rapportar, kronikkar, osv.) er ein viktig ressurs for alle som jobbar med eller blir berørt av tematikken.
Vinnarane har fokus både på individ og samfunnsnivå, og bidreg såleis til å bygge kompetanse om mangfold og inkludering slik det er skildra i handlingsplanen for HVL, avsluttar ho.
Internasjonalt samarbeid
I grunngjevinga frå komiteen blir det mellom anna peika på at «Det internasjonale forskingssamarbeidet, samarbeidet med arbeidslivet og det inkluderande læringsmiljøet med fokus på samspel mellom døve og høyrande studentar, utmerkar seg som særleg positivt.»
Skaten og Urdal vil særleg trekke fram verdien av samarbeidet med HUMAK University of Applied Sciences i Finland kor dei har hatt døve tolkestudentar i mange år.
Les meir om rådet for likestilling, mangfold og inkludering