Prisdryss for beste bacheloroppgåver

Kvart år deler samfunns- og næringsliv ut prisar for dei beste oppgåvene innan ingeniør- og teknologifag ved campus Bergen. Nyleg blei årets vinnarar heidra.

Brorparten av ingeniør- og teknologistudentane ved høgskulen skriv bacheloroppgåver i samarbeid med næringslivet. På denne måten er det reelle problemstillingar som blir løyste. 

Følgjande prisar på 30 000 kroner blei nyleg delt ut:  

ABB-prisen

ABB deler ut ein pris til studentar som har vist spesiell god innsikt og evne til problemløysing innan elektro, maskin eller IT. 

Årets pris gjekk til dei nyutdanna automatiseringsingeniørane Thomas Georgios Bjørhovde Mavropoulos og Sigve Bjørhovde Heggedal for oppgåva «An Automated DRS4-based Data Acquisition System for Characterizing Scintillators Coupled to Silicon Photomultipliers”.

Studentane har i samarbeid med Emerson Roxar, kor det praktiske arbeidet er utført, designa og utvikla et automatisert, modulært og brukervennleg datainnsamlingssystem.

Rettleiarar har vore Ilker Meric frå HVL og Stein-Arild Tjugum frå Emerson Roxar.

Frank Mohn-prisen

Frank Mohn-prisen blir delt ut til ei gruppe studentar som har vist spesiell god innsikt og evne til kreativitet.

Årets pris gjekk til byggingeniørstudentane Børge Koløen og Odin Iversen for oppgåva "Sensorteknologi i betong".

I eit samfunnsperspektiv vil bruk av teknologen gi betra kjennskap til grad av nedbryting i ein betongkonstruksjon, og dermed kunne gi enorme innsparingar og sterkt redusert fare for konstruksjonskollaps, heiter det i grunngjevinga til juryen.

Rettleiar har vore Guzel Shamsutdinova.

NITO-prisen

NITO-prisen blir delt ut til studentar som har levert oppgåva med størst innovasjonspotensiale.

Årets pris gjekk til kjemiingeniørstudenten Benjamin Alexander Johannessen for oppgåva “Optimization of green extraction conditions and determination of Fucoxanthin from Laminaria hyperborea”. Oppgåva er gjort på oppdrag frå Alginor og undersøkjer korleis fucoxanthin kan utvinnast på ein mest mogleg effektiv og miljømessig skånsom måte frå brunalgen Laminaria hyperborea.

Rettleiarar har vore Jarle Sidney Diesen og Georg Kopplin.

Lehmkul-prisen

Prisen frå Kristofer Lehmkuls fond, går til studentar som har gjort ein særskild innsats som kan ha praktisk betydning for næringslivet.

Årets pris gjekk til  Marcus Moe Johansen Stian Andre Løvås for oppgåva « Design for Additive Manufacturing». Oppgåva blei  gjennomført i samarbeid med Bergen Engines og handlar om å produsere motordelar ved hjelp av additiv tilverking med fokus på metoden Powder Bed Fusion.

Retteleiar har vore Saeed Bikass.

Vi gratulerer alle prisvinnarane!

Har du ein idé som du gjerne skulle vidareutvikla, men mangler tid i ein travel kvardag? Då kan eit oppgåvesamarbeid mellom våre studentar, HVL og di bedrift vere noko for deg!