
HVL sender sterke signal om profesjonsutdanningane
Neste vår kjem Regjeringa med profesjonsmeldinga. Den nasjonale innspelsrunden er avslutta og HVL har sendt inn klåre svar på 28 spørsmål.
- Profesjonsutdanningane innan lærar-, ingeniør, helse- og sosialfag er viktige stolpar i det nye universitetet vi byggjer på Vestlandet. Det er difor bra at Regjeringa har stor merksemd på desse samfunnsberande utdanningane, seier rektor Gunnar Yttri i Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Han fortel at HVL har vore aktive på dei ulike innspelsmøta som Regjeringa har arrangert no i vår. Måndag 27. mars var HVL vertskap for møte om helse- og sosialfagutdanningane.
Ein politikk som heng saman
Yttri meiner at profesjonsmeldinga ringar inn viktige delar av utdanningspolitikken til Regjeringa.
- Profesjonsmeldinga er kopla til Utsynmeldinga og framskrivingane som kompetanebehovsutvalet peiker på. Rundt dette ligg og distriktsmeldinga som kom denne veka, nytt finansieringssystem, framlegg til ny UH-lov og den ferske handlingsplanen for norsk fagspråk.
- Vi må sjå desse tinga i samanheng. Eg erkjenner at vi som profesjons- og arbeidslivsretta universitet i emning har viktig arbeid føre oss.
I Innspelsrunden no i vår bad Regjeringa om svar på 28 spørsmål. Nokre overordna og mange konkrete spørsmål.
Svara frå HVL signaliserer eit behov for å styrka og tydeleggjera både retning og fart.
- Vi meiner sjølve omgrepet profesjonsutdanning trengst å avklarast og utviklast. Meldinga må vera framtidsretta og peike på vilkåra og rommet for utvikling. Tronge rammeplanar må opnast meir opp og kvalifikasjonsrammeverket må tilpassast. Dette er naudsynte grep, meiner Yttri.
Ivareta den akademiske delen
Eit sentralt poeng er å finne ein god balanse mellom akademiske kvalifikasjonane og praksis.
Rektor skriv:
Ein viktig del av utfordringsbiletet er om profesjonsutdanningane i Norge, og særleg innan helse- og sosialfag har tilstrekkelege vilkår til å ivareta den akademiske delen av kompetanseløpet, slik gjeldande krav i kvalifikasjonsrammeverket tilseier.
Profesjonsmeldinga bør adressere utfordringsbiletet relatert til etterleving av den
teoretiske og akademiske kompetansen i kvalifikasjonsrammeverket, på alle nivå.
Vilkåra for å oppnå dei akademiske kvalifikasjonane blir marginalisert når praksis blir tillagt for mykje vekt.
Trengst rolleavklaring
Ei nødvending arbeidsdeling og rolleavklaring i utdanningssystemet mellom yrkesfagleg høgare utdanning og høgare (profesjons-) utdanning må og avklarast står det å lese i innspelet frå HVL.
- Dette er ei sentral problemstilling for studentar, arbeidsliv og for utdanningstilbydarar i den vidare utviklinga av profesjonsstudia. Profesjonsutdanning innanfor eksempel ingeniørfag ivaretek både det akademiske og forskingsintensive kombinert med det praksisnære, utdanningsorienterte og arbeidslivsrelevante. Dette er ein eigenart som bør styrkast og synleggjerast endå betre. Korleis ingeniørtittelen kan nyttast bør vurderast, skriv rektor i innspelsbrevet.
Rekruttering under press
Låg rekruttering over tid er eit anna felt som må takast gode grep om. Fleircampusinstitusjonar må særskilt styrkast.
- Med utgangspunkt i det demografiske bilete som er teikna i Utsynsmeldinga, HK-dir sitt arbeid med dimensjonering av utdanningar og den realiteten ein ser i høve til studentrekruttering, så må profesjonsmeldinga gå djupt inn i tiltak der studentrekruttering ikkje samsvarar med utdanningskapasitet og samfunnet sitt kompetansebehov.
- Dette er nasjonalt utfordrande kompetansemessig, og ressursmessig utfordrande for den enkelte institusjon, og spesielt institusjonar som har sin hovudaktivitet knytt til profesjonsutdanningane.
- Med lågare rekruttering til fleire profesjonsutdanningar er dette spesielt krevjande for fleircampusinstitusjonar som har kostnadskrevjande profesjonsstudium med låge studenttal. Denne kostnaden må relaterast til målet om desentralisert utdanningstilbod og behov for ein fagleg beredskap. Profesjonsmeldinga bør inneha ein strategi for ekstra finansiering til fleircampusinstitusjonar.
Løft opp det internasjonale
HVL minner og Regjeringa om at det internasjonale perspektivet må opp og fram i meldinga.
- Det internasjonale perspektivet er fråverande. I Meld.St.7 (2020-2021) vert det stadfesta at det er låg studentmobilitet i fleire av dei rammeplanstyrte utdanningane. Internasjonalisering kan ha ei viktig rolle i både praksis og utvikling av generisk kompetanse. Internasjonal praksis er ikkje berre knytt til profesjonsutdanningar innan helse og utdanning, men også til ingeniørutdanningane. Praksis/praktikantperiodar i utlandet kan nyttast som eit verktøy for å utvikle samarbeid med det regionale arbeidslivet og deira nettverk i andre land.
Norsk fagspråk er eit anna område kor HVL har ei tydeleg haldning.
Rektor skriv:
Profesjonsmeldinga må vera tydeleg på norsk språk si rolle i utdanningane og samfunnet sitt kompetansebehov, og at dette er ein del av utdanningsinstitusjonane sitt samfunnsoppdrag. Norsk fagspråk er viktig og vurderingar/tiltak i handlingsplan for norskspråkpolitikk må vera del av den samla vurderinga av utviklinga av profesjonsutdanningane.
Følgjer arbeidet heilt ut
Avslutningsvis i høyringsinnspelet løftar HVL forholdet mellom profesjonskompetanse og forskingskompetanse.
Rektor Gunnar Yttri seier HVL ser fram til å følgje arbeidet videre.
- Vi ser fram til meldinga neste vår og meiner at våre innspel kan bidra til ei god og framsynt melding. Så vil eg tru at Regjeringa vil koma tilbake til sektoren når meldinga byrjar å ta form. Då står vi klare for å bidra. Vi følgjer arbeidet heilt ut.