Kjellrun Hiis Hauge er Norges første professor i klimadanning og berekraft

– Eg er veldig opptatt av at vi lyttar til kva elevane tenker og meiner om tema knytt til berekraft. Det finst ikkje eitt fasitsvar som dei skal pugge, seier ho.

Sjå for deg ei skuleklasse i Lofoten. Dei har storhavet rett utanfor vindauget og høyrer vaksne diskutere arbeidsplassar, verdiskaping, miljøskadar og framtidsutsikter. Tenk deg så at dei same elevane får ein heil skuledag der dei sjølve skal argumentere og diskutere konsekvensane for si eiga framtid i nærmiljøet.

– Vi var tre forskarar, ein masterstudent og ein doktorgradsstudent som hadde ein heil dag saman med 50 elevar i Lofoten. I utgangspunktet trudde eg kanskje at dei kom til å bli lei etter nokre timar, men det var fantastisk å lytte til korleis dei gjekk inn i det og lærte av kvarandre. Eg har veldig stor tru på diskusjon som læringsform, seier Kjellrun Hiis Hauge, som frå før er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Leiaren av det strategiske forskingsprogrammet «Berekraft, medverknad og mangfald» ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, lyser opp når ho snakkar om elevar som får rom til å utforske og diskutere saman. No er ho altså på veg inn i den nyoppretta stillinga som Norges første professor i klimadanning og berekraft.

Grøn omstilling på Vestlandet

Det er Sparebanken Vest sin stiftelse Agenda Vestlandet som tildeler midlane til professorstillinga. Agenda Vestlandet har som formål å fremme berekraftige prosjekt som skal bidra til omstilling og næringsutvikling på Vestlandet. Stiftelsen skal dele ut 300 millionar kroner til satsingar på berekraft og grøn omstilling i regionen vår.

– Vi har ei viktig oppgåve framfor oss - å endre vårt næringsliv, vårt samfunn og vårt eige tankesett tidsnok til å møte dei utfordringane og dei moglegheitene som følgjer av omstillinga til framtidas fornybarsamfunn. Vi må byrje med dei unge, og difor ønsker vi å bidra med midlar til forsking og utvikling på klimadanning i skulen og barnehagen, seier Siren Sundland, styreleiar for Agenda Vestlandet.

Prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestlandet, Gro Anita Fonnes Flaten, er særs nøgd med at HVL kan samarbeide med ein så viktig aktør og samarbeidspartnar om ei slik stilling.

– Det blir spennande å følgje forskinga og undervisninga på dette feltet framover. Å utvikle enno meir kunnskap på dette er viktig for både HVL og dei vi samarbeider med.

Siren Sundland.jpgSiren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet. Foto: Eivind Senneset


Å bringe samfunnsdebatten inn i matematikkundervisninga

Ifølgje Kjellrun Hiis Hauge er det ein del lærarar som kvir seg for å ta klima og berekraft inn i undervisninga, både fordi det er komplekst og fordi det er betente tema.

– For lærarane betyr det at ein kan få ein meir uforutsigbar undervisningssituasjon og må ta meir risiko. Eg forstår at det kan vere krevjande, men eg trur at det kan bli meir interessant undervisning av det også.

Den ferske professoren har sin faglege bakgrunn innan matematikkdidaktikk, men også her meiner ho at klima og samfunnsdebatt bør ha ein sentral plass.

– Tradisjonelt har matematikk gjerne handla om å få det rette svaret, men dersom vi ser på korleis vi bruker matematikk i samfunnet, så er det veldig sjeldan slik, fortel ho.

Klimagrafar og økosorg

I undervisninga med grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen på Vestlandet, har professor Kjellrun Hiis Hauge mellom anna diskutert grafane frå FN sitt klimapanel.

– Eg er opptatt av at vi må utforske kompleksiteten i tala, men også å vere klar over at vi står overfor så store problemstillingar at det ikkje er mogleg å skaffe seg ein totaloversikt.

Men med auka kunnskap om klimaendringar ser ein også tendensen til at både vaksne, men også unge og barn kan oppleve det som har fått namnet «miljøsorg» eller «økosorg».

– Vi ser at ein del kan bli ramma av mismot og pessimisme på grunn av klimaendringar. Isen smeltar, artsmangfaldet minkar. For å behalde håpet trur eg det er veldig viktig at vi samstundes snakkar med dei unge om kva som faktisk fungerer og kva vi har fått til, og korleis vi kan sette kvarandre i stand til å finne gode løysingar for framtida, seier ho.

Ny kunnskap og tverrfagleg entusiasme

Torill Larsen, prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, idrett og kultur er særs glad for professoratet.

– Ved fakultetet er vi opptatt av klimadanning og berekraft både gjennom forsking og undervisning og i tilknytning til barnehage, skule og samfunn. Vi er derfor særs glade for dette gåveprofessoratet. Dette vil både styrke satsinga vår på feltet og bidra til å opne eit nytt felt gjennom ny kunnskap i lærarutdanningane våre.

Korleis stillinga som professor i klimadanning og berekraft kjem til å utfalde seg, gjenstår å sjå, men Hiis Hauge ser særleg fram til å jobbe med tverrfagleg forsking, samt utvikle phd-kurs og masteremne med tverrfagleg tilnærming som også går på tvers av campusane ved Høgskulen på Vestlandet.

– Vi har eit stort potensiale til å bringe ulike miljø saman og tenke på tvers. Eg brenn for tverrfaglegheit fordi det gjer at ein kan få fram nye perspektiv på ein heilt annan måte. Når vi no skal arbeidet med nye phd-kurs og masteremner får vi eit sterkare miljø på tvers av campus, miljø og institutt. På sikt vil dette også styrke søknadsskrivinga til nye forskingsprosjekt, seier ho.

Faktaboks

  • Kjellrun Hiis Hauge, forskingsprogramleiar for forskingsprogrammet «Berekraft, medverknad og mangfald» ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Førsteamanuensis i matematikkdidaktikk, no professor i klimadanning og berekraft.
  • Tidlegare havforskar ved Havforskningsinstituttet.
  • Forskar på berekraft i barnehagesamanheng og kritisk demokratisk danning i samanheng med klimaendringar, samfunnsrisiko, etisk programmering, usikre tal og falske nyheiter.