Rett ut i fast jobb i rekneskapsbransjen etter studia

Dei siste åra har fleire studentar frå økonomi og administrasjon i Sogndal gått rett frå studia til jobb ved hjelp av nært samarbeid mellom utdanning og bransjenettverk.

- Det var skummelt å skulle prøve seg i arbeidslivet for første gong! Eg trudde at eg kunne ting, men skjønte fort at det var eit gap mellom teori og praksis, seier Maria Vigdal frå Gaupne.

Dei siste åra har bachelorutdanninga ho gjekk på, økonomi og administrasjon i Sogndal, bygd opp eit tett samarbeid med bransjenettverket ERFA som samlar 30-40 rekneskapsbedrifter i Sogn og Fjordane. For studentane har dette leia til lærerike praksisplassar, og for kring ti av dei, fast jobb direkte etter studia. For bedriftene har det leia til rekruttering av kvalifiserte menneske i økonomifaget – noko dei elles opplever som ein stor mangelvare i distrikta:

- Den autoriserte rekneskapsføraren vi søkjer etter, finst vanlegvis ikkje utan at vi stel han frå ein kollega, fortel Jon Gimmestad frå Accountor Gloppen, der Vigdal blei tilsett rett etter ho var ferdig bachelorstudent.

Kjensla av at nokon vil ha deg

Samarbeidet starta for seks år sidan då den dåverande leiaren for bransjenettverket ERFA, Ove Ellingsen frå Ellingsen rekneskapsservice i Sogndal, irriterte seg over at det aldri var ein einaste høgskulestudent som søkte jobb på bedrifta hans. Korleis kunne det vere? Han tok kontakt med Mona Nytun, prodekan for utdanning ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap og lærar på utdanninga i Sogndal. Ho var meir enn begeistra for initiativet.

- Studiet vårt har tradisjonelt skåra lågt på arbeidslivsrelevans. Dette handlar mykje om at det er eit veldig breitt studie, difor kan det vere vanskeleg å sjå føre seg kva jobb ein skal ut i etterpå, seier Nytun.

- Gjennom bransjenettverket fekk vi kontakt med rasande flotte folk som verkeleg ønskte studentane våre velkomne i arbeidslivet. Den kjensla av at nokon vil ha deg når du kjem ut, og av å vere på rett veg når det gjeld yrke, er så utruleg verdifull! Då blir studia verkeleg meiningsfulle. Du skjøner kva du skal med dei.

Frukost, middag, fjellturar og bokføring

Nett det med å kjenne seg ønska, kan den tidlegare studenten Maria Vigdal skrive under på. Ho kom til Accountor Gloppen for første gong som student i praksis. Då hadde ho søkt formelt på praksisplassen, sidan både høgskulen og selskapa i nettverket ville at opplevinga skulle likne mest mogleg på det verkelege arbeidslivet, og ho blei tilsett av dagleg leiar Henriette A. Hatling.

Den autoriserte rekneskapsføraren vi søkjer etter, finst vanlegvis ikkje utan at vi stel han frå ein kollega

Jon Gimmestad

Med hybel i Sogndal og praksisplass på Sandane eit par timars køyretur nordover, verka det først litt vel vanskeleg logistisk – men dette løyste seg greitt. Gimmestad og kona hans tilbydde henne like godt å bu heime hos dei gjennom dei tre vekene ho hadde praksis. Han var på den tida leiar i ERFA, og brann for å få praksisstudentar inn i bedrifta der han jobba.

- Vi åt frukost og middag i lag, og dei tok meg med på fjellturar. Det var utruleg koseleg! fortel ho.

Som ny i arbeidslivet merka Vigdal straks at det var ein god del forskjell på teori og praksis. Ho hadde lært bokføring for hand, men no måtte ho setje seg inn i digitale verktøy dei brukte til rekneskapsføring, noko som ikkje var beint fram. Den næraste leiaren hennar på bedrifta sette seg attmed henne og sa at ho berre måtte spørje når som helst ho lurte på noko.

Når tala får djupne

- Å bli sett og teken vare på slik, er heilt avgjerande når ein er ny i arbeidslivet – i alle fall når ein er så usikker som eg var! Og det trur eg mange er, seier Vigdal.

- Dei var veldig tydelege med meg - fortalde at det første er etter eit års tid at du verkeleg hugsar alt og greier alt. Dei forventa ikkje at eg skulle kunne klare meg sjølv frå dag ein, men var førebudde på å hjelpe meg gradvis inn i jobben.

Gjennom bransjenettverket fekk vi kontakt med rasande flotte folk som verkeleg ønskte studentane våre velkomne i arbeidslivet

Mona Nytun

Jon Gimmestad tenkjer at mykje av læringa må skje ute i det verkelege livet, og at dette er eit samfunnsansvar som kviler på skuldrane til bedrifter som har praksisstudentar eller nyutdanna arbeidstakarar. Til dømes peikar han på at det er ei heilt anna oppleving å sjå eit tal når talet er knytt til eit firma med eit namn og ein identitet du kjenner. Då fortel talet ei historie, og då er det mykje lettare å forstå og hugse:

- Talet får ei djupne. Viss firmaet er butikken borti gata og du ser kva dei driv med, og får ei oppleving av om dette går bra eller dårleg, då stikk det litt djupare enn om du berre les noko på eit papir.

 Eit unikt samarbeid

Gjennom åra har utdanninga i Sogndal og nettverket ERFA bygd opp samarbeidet gjennom praksisordningar, gjesteførelesingar med folk frå næringslivet og direkte rekruttering til faste jobbar. Begge partar synst dei har lært mykje av denne utvekslinga. Christine Lundberg Larsen, leiar i bransjeorganisasjonen Regnskap Norge, seier at dette samarbeidet er unikt i landet og eit førebilde for andre økonomistudiar:

- Vi heier verkeleg på dette. Gjennom slike ordningar får bransjen betre tilgang på arbeidskraft, og studentane får ein mjuk veg inn i arbeidslivet, seier Larsen.

Å bli sett og teken vare på slik, er heilt avgjerande når ein er ny i arbeidslivet – i alle fall når ein er så usikker som eg var!

Maria Vigdal

Maria Vigdal hadde praksis hausten 2019. Sidan tok ho til med semesteroppgåva si, som handla om internkontroll. Også då hadde ho mykje kontakt med folka på Accountor Gloppen, som svarte på ei spørjeundersøking ho lagde om temaet. Våren 2020, mens ho gjorde seg ferdig med bachelorutdanninga, fekk ho fast jobb i bedrifta og starta rett etter sommaren.

- Det var som om 20 kilo datt frå skuldrane mine då eg fekk jobbkontrakten! hugsar Vigdal.

No tek ho sikte på å bli autorisert rekneskapsførar, noko som krev to års erfaring innan rekneskap. Det vil opne for eit breitt spekter av jobbar, sidan folk med slik kompetanse er ettertrakta også i økonomifuksjonar i andre typar bedrifter. Ho kjenner at ho har fått ein god start.

- Eg har aldri angra eitt sekund. Eg er veldig glad i det å kunne hjelpe folk, og mange synst økonomi er vanskeleg, så då kjennest det flott å kunne hjelpe med akkurat det!

Ove Mona 2-nettkopi.jpeg

På bildet: Ellen Johanne Vara Alfei og Kristin Bolstad (framme) er begge tidlegare HVL-studentar, no tilsette ved rekneskapsfirmaet til Ove Ellingsen (bak) i Sogndal. Til venstre: Mona Nytun, prodekan for utdanning ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Foto: Katrine Sele