HVL-leia utval avdekka rolleblanding i politiet

Politiet sin relasjon til den private organisasjonen Norsk narkotikapolitiforening (NNPF) er problematisk, konkluderer rolleforståingsutvalet som vart leia av HVL-professor Anne-Mette Magnussen.

Dei meiner at politiet har latt den private ideelle organisasjonen gjere oppgåver som er politiet sitt eige ansvar å utføre. Mellom anna handlar det om gjennomføring og organisering av opplæringa på doping- og narkotikafeltet.

– Gjennom eigne utdanningskonferansar har NNPF teke ansvar for ein kompetanseutvikling av polititilsette som politiet burde ha gjort sjølv, sa Magnussen under pressekonferansen der rapporten til utvalet vart levert til justisminister Emilie Enger Mehl.

Samanblanding av rollene

NNPF vart stifta i 1991 og blir drive på frivilleg basis. Den består av om lag 3000 medlemmer frå hovudsakeleg Politiet, Tollvesenet, Påtalemyndigheten, Kriminalomsorgen, og Forsvaret. Fleire har stilt spørsmål ved verksemda til NNPF og medlemmene si rolle som tilsette i politiet. I tillegg har det vore fleire medieoppslag om forholdet mellom Politidirektoratet (POD) og NNPF.

På bakgrunn av dette vart Rolleforståingsutvalet nedsett av Justis- og beredskapsdepartementet for å vurdere om tilsette i politiet har utvist god rolleforståing i dialogen med offentlege eller private organisasjonar som har hatt kontakt med NNPF, då ein er tydeleg på kor viktig det er å bevare den høge tilliten til politiet i Norge.

Utvalet starta opp sitt arbeid i desember 2021. Arbeidet deira er avgrensa til politiet si ransakingspraksis i narkotikasaker. Rapporten inneheld også anbefalingar til tiltak for å rette opp eventuelt kritikkverdige forhold og for å unngå dette i framtida.

Breitt samansett utval

Magnussen har leia utvalet beståande av professor Markus Hoel Lie ved Universitetet i Tromsø, avdelingsdirektør Solveig Moen i Domstolsadministrasjonen, professor Liv Finstad ved Universitet i Oslo og advokat Vidar Strømme, fagdirektør Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM). Sjølv er ho professor i statsvitenskap og Dr.polit fra Universitet i Bergen, og har god kunnskap til forvatninga. Ved Høgskulen på Vestlandet forskar ho på prioritering av helsetenester, rettsleggjering, sosial ulikheit og deltaking.

– Det har vore svært meiningsfullt å få bruke fagleg kompetanse på ein slik måte i utvalsarbeidet. Det har vore spennande, men samtidig krevjande og fantastisk å få høve til å jobbe konsentrert saman med utruleg dyktige fagfolk – og ikkje minst å jobbe tverrfagleg med menneske som respekterer kvarandre sin kunnskap, seier Magnussen.

Håpar at rapporten fører til debatt

Ho er ikkje så overraska over funna som arbeidet avdekka, men heller av at det kom så mange innsynsbegjæringar undervegs. Ho meiner at det mest krevjande har vore omfanget av arbeidet .

– Her har vi ikkje kunne basere oss på tidlegare forsking, men har måtte opparbeide grunnlaget for våre vurderingar sjølv innan ei svært avgrensa tidsramme. No er vi veldig spente på kva respons rapporten vil få. Mitt ønske er at den skal skape debatt.

Lenke til rapporten finn du i denne lenken.