Saman for ei berekraftig framtid

Då Statsråd Lehmkuhl la til land i Cape Town som ein del av One Ocean-ekspedisjonen var fokuset eit stadig veksande problem: at plasten tek overhand.

— Kvar gong vi hadde rydda vekk noko av plasten kom det ein ny bølge med like mykje søppel som det du nettopp hadde rydda, fortel Alba Orre.

Ho er elev i tiande klasse på Rothaugen skole i Bergen og har i lag med to medelevar vore med då Statsråd Lehmkuhl segla etappen frå Maputo i Mosambique til Cape Town i Sør-Afrika. Under opphaldet i Cape Town drog ho og fleire andre frå One-Ocean ekspedisjonen til der kor elva Black River munnar ut i havet. Strandryddinga vart arrangert av Høgskulen på Vestlandet i lag med University of Western Cape, den norske ambassaden i Pretoria og SANDORD.  

— Vi valte utløpet til Black River fordi den er så forureina. Området blei rydda i går, men det skulle ein ikkje tru. Stadig meir søppel samlar seg her, og vi ønsker å skape merksemd rundt kor stort problemet er, forklarar Kelly Cyster, som jobbar med SANDORD ved University of Western Cape. 

Professor Erlend Eidsvik, prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten og førstekonsulent Silja Margrete Wessman frå Avdeling for samfunnskontakt. 

Håp og håplausheit  

Strandryddinga var ein tøff oppleving som retta søkelyset mot kor stort og tilsynelatande uhandterleg problemet er, men for Orre var det også inspirerande:  

— Det virka som om det er endelaust med plastikk og søppel i havet. Då blir ein matt og ting kjenst litt hjelpelaust ut. Samstundes gav opplevinga meg håp; der finst masse folk som er engasjerte og som har lyst til å løyse dette problemet. 

Design uten navn (2).jpg

Elevar frå Rothaugen skole møtte elevar frå samarbeidsskulen i Durban under seglasen. 

Kreativ utforsking i Bergen og Durban 

At Orre og hennar medelevar er med på denne etappen av One Ocean er ingen tilfeldigheit. Rothaugen skole har i regi av HVL lenge samarbeida med elevar frå skular i Durban i eit prosjekt som har hav, miljø og berekraft som fokusområde. Samarbeidet har til no vore digitalt, men under seglasen fekk elevane frå Bergen omsider møte nokre av elevane frå Durban ansikt til ansikt.  

— Det å vera “stuck” saman på eit skip i ti dagar er noko anna enn å jobbe saman digitalt! No er dei verkeleg sveisa saman – dei vil faktisk ikkje reise heim igjen, fortel professor Erlend Eidsvik ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved HVL.  

Eidsvik leiar COMPARE - Comparative perspectives in education in Southern Africa and Northern Europe - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no),har lenge hatt eit praksissamarbeid med barne – og ungdomsskular i Durban. One Ocean-ekspedisjonen var ein perfekt anledning til å utvide samarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika.  

— Det har gitt unge på kvar si side av verda moglegheit til å forstå meir av kvarandre og kvarandre sine skulesystem, fortel han.  

Kunst laga av plast frå ei strand i Durban. Foto: Berea Primary school

Stadig sterkare band mellom HVL og Sør-Afrika 

Viktigheita av å jobbe saman - på tvers av institusjonar og landegrenser - for å løyse store utfordringar var også tema under fleire av arrangementa om bord på båten. Prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten leia blant anna seminar om partnarskap mellom nord og sør, med fokus på forskingssamarbeid og utveksling. 

— Samarbeid, særleg innan utdanning og forsking, er avgjerande om vi skal lykkast med berekraftsmåla vi har satt. Her spelar vår gode relasjon til Sør-Afrika ein viktig rolle, og under dette besøket her i Cape Town har vi latt oss inspirere av kvarande og diskutert måtar vi jobbe tettare saman i framtida. 

Prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten.

Bioingeniørutdanninga ved HVL har ei årrekke sendt bachelorstudentar på  utveksling til Cape Town. 

Fleire institusjonar og universitet var begeistra for moglegheiter for vidare samarbeid med HVL. Ein av dei var Colvin Breda, som jobbar med læringsdesign ved University of Cape Town. 

— Dette var ein anledning til betre sjå moglegheitene ein har for vidare samarbeid mellom Sør-Afrika HVL. Det får ein til å lure på kva meir kan vi gjere - kva meir kan vi samarbeide om.  

Styrke gode relasjonar  

Kelvin Ivankovic, ph.d.-student ved Mohnsenteret

Ein av dei som også gjekk om bord i Cape Town var Kelvin Ivankovic, ph.d.-student ved Mohnsenteret ved HVL. Han er opprinneleg frå Durban, men drog til Noreg og HVL for å forske. Det å “vende heimatt” frå Noreg til Sør-Afrika for møte Statsråd Lehmkuhl var ei spesiell oppleving. 

— Det er fint å ha fått denne moglegheita til å treffe folk frå “begge sider”, frå både Noreg og Sør Afrika, og dele snakke om mine erfaringar. Det å møte skipet etter 20 månader på havet og høyre historier frå studentar og forskarar som har vore om bord var også stort. Forhåpentlegvis vil ein kunne bygge videre på dei relasjonane og samhaldet som har vekst fram under One Ocean-ekspedisjonen i arbeidet for ei berekraftig framtid. 

Meir om One Ocean-ekspedisjonen

Målet med turen er å skape oppmerksomhet og dele kunnskap om havets avgjørende rolle for en bærekraftig utvikling i et globalt perspektiv. Skipet er utstyrt med moderne instrumentering og vil samle inn høykvalitetsdata om havfysikk, kjemi og biologi kontinuerlig gjennom seilasen. 
 
Ekspedisjonen vil være en del av FNs tiår for havvitenskap for bærekraftig utvikling, 

Havnene som Statsraad Lehmkuhl besøker: Havner - One Ocean Expedition 

Om Cape Town: Cape Town, Sør-Afrika - One Ocean Expedition 
En sang til One Ocean Expedition - One Ocean Expedition