Studentar skal digitalisere Bergen legevakt

Ingeniør- og sjukepleiestudentar ved HVL har fått tilbod om å skrive bacheloroppgåve i samarbeid med Bergen legevakt.

Førre veke kunne du finne sjukepleiar- og ingeniørstudentar i Innovasjonslaben til Bergen kommune. Der idémyldra dei moglege løysingar på utfordringar kommunen har rundt sine helsetenester. På laben var også representantar frå Bergen legevakt, Haukeland mottakssenter og forskarar ved HVL.

-  Målet med samarbeidsprosjektet er både å marknadsføre studentane våre ovanfor arbeidslivet, men også å skape ein meir innovativ region, fortel initiativtakar og høgskulelektor i sjukepleie ved HVL, Ruth Marie Stensland Donovan.

Behov for digitalisering

Monica Nordtvedt, leiar for Øyeblikkelig hjelp døgnenhet i Bergen kommune, seier at ho har høge forventningar til kva moglegheiter som kjem ut frå samarbeidsprosjektet. Det har også fagsjukepleiar Kurt Krokmyrdal og avdelingssjukepleiar Ingelin Tangen ved Bergen legevakt. 

- Det er behov for digitalisering i kommunen. IT-avdelinga held systema ved like, men har gjerne ikkje alle ressursane til å utvikle nye system. Mykje arbeid går føre seg på papir, også i ambulansen, fortel dei.

Tilbyr idéar

Samarbeidsprosjektet spring ut frå emnet Teknologiledelse. No har studentane, som alle går 3. året, fått tilbod om å skrive bacheloroppåve i samarbeid med Bergen legevakt. Målet er å digitalisere helsetenesta. 

Student Espen Rundhovde er ikkje sikker på kva han vil skrive bacheloroppgåva si om endå, men melde seg på samarbeidsprosjektet med Bergen legevakt fordi han syntest det virka interessant.

- Vi treng ikkje nødvendigvis finne opp nye produkt, berre vi kan tilby konseptar eller idéar som er nyttige for kommunen, seier han.

Etter gruppesamtalar er det tid for presentasjon av ideane. Ingeniørstudent Lars Vågenes si gruppe foreslår observasjon og læring frå andre legevaktar for å få betre pasientflyt. Gruppa til Kristoffer-Andre Kalliainen har sett for seg ein brukarvenleg applikasjon som dei tilsette kan laste ned pasientdata frå.

Må tenke tverrfagleg

- Det er ikkje lenger slik at sjukepleiarar melder sine behov til ingeniørane, no skal dei eige problemstillingane saman, seier Donovan. Initiativtakaren er oppteken av å kople folk saman.  

- Vi må tenke tverrfagleg, og vi veit at helsetenesta treng innovatørar. Løysingane kan skape gründarar og arbeidsplassar.