
Fleire søkarar til ingeniør- og grunnskulelærarutdanningane
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har auke i søkarar til lærar- og ingeniørutdanningane, og går dermed mot den nasjonale trenden. Helse- og sosialfaga gjer det også sterkt i år.
– Søknaden til høgskulen er stabilt god. Dei siste tre åra har talet på førstevalssøkarar auka frå 7031 i 2023 til 9096 i år, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved HVL.
2025 var toppåret for talet på søkarar til HVL. Årets tal frå Samordna opptak viser ein liten nedgang, men etter den sterke veksten dei siste åra er prorektoren glad for at søkartalet framleis ligg på eit høgt nivå.
– I år ser vi at det er ekstra stor interesse for deltidsutdanningane. Mange vil jobbe og studere, noko vi ynskjer å legge til rette for, seier Naustdal.
Fysioterapi aukar mest
HVL har ei av dei største sjukepleieutdanningane i landet. Trass i nedgang samanlikna med i fjor, er det i alt 1728 som har sjukepleie ved HVL som førsteval. Det betyr at utdanninga ligg an til å fylle studieplassane ved alle campusane. Sjukepleieutdanninga ved HVL i Bergen er den mest søkte ved HVL, og den tolvte mest søkte utdanninga på landsbasis. Deltidsutdanningane i Førde og på Stord går også godt.
Ein klar tendens i år er at ei rekke andre helse- og sosialfag styrkar seg. Særleg gjeld dette for fysioterapi, som har det største bykset oppover av alle studieretningane i høgskulen. Bachelorutdanninga i fysioterapi får 91 fleire søkarar på eit allereie ettertrakta studium. I år er det 678 førstevalssøkarar til 85 plassar.

Bachelor i fysioterapi er eit svært populært studie ved HVL, og her er det stor konkurranse om å kome inn. Foto: Ingvild Festervoll Melien
– Det er gledeleg å sjå at så mange ynskjer å peile seg inn på yrke innan helse og omsorg. Behovet for desse arbeidstakarane er stort på heile Vestlandet, seier Naustdal.
Også utdanningane i radiografi og ergoterapi har solid auke, medan vernepleie og sosialt arbeid har jamt god rekruttering. Fleire av helse- og sosialutdanningane ligg på topp 10 av dei mest søkte utdanningane ved høgskulen.
Mest søkte studium ved HVL
1. Sjukepleie, Bergen
2. Økonomi og administrasjon, Bergen
3. Fysioterapi, Bergen
4. Sosialt arbeid, Bergen
5. Vernepleie, Bergen
6. Landmåling og eigedomsdesign, Bergen
7. Radiografi, Bergen
8. Eigedomsmekling, økonomi og jus, Sogndal
9. HRM og leiing, Bergen
10. Engelsk, Sogndal
Fleire vil bli lærar og barnehagelærar
Dei to grunnskulelærarutdanningane ved HVL for 1.-7. trinn og 5.-10.trinn har til saman 551 førstevalssøkarar. Det betyr ein vekst på 12,7 prosent. Nasjonalt er det ein nedgang på 1,2 prosent. Ved mange studieretningar på lærarutdanningane i Bergen er det konkurranse om plassane, mellom anna på kroppsøving og samfunnsfag.
– Det er fint å sjå at fleire søker seg til lærarutdanningane hos oss, trass i ein nedgang nasjonalt. Vi har jobba hardt for å auke rekrutteringa til læraryrket, seier Naustdal.

Fleire søker seg til grunnskulelærarutdanningane ved HVL. Foto: Falkeblikk
Høgskulen på Vestlandet har i fleire år leia det Nasjonale prosjektet for lærarrekruttering. Prosjektet har som mål at fleire søker lærarutdanning og startar i yrket, i tillegg til å sikre eit større mangfald blant lærarar i barnehage og skule.
HVL har ein oppgang på barnehagelærar, men framleis er det for få som vel dette yrket. I alt er det 245 førstevalssøkarar til barnehagelærarutdanninga, men også i år blir det mange ledige studieplassar.
– Over heile landet slit ein med å fylle studieplassane på barnehagelærarutdanninga. Det er bekymringsfullt. Vi jobbar for å snu trenden, og eg er glad for at vi i år har ein oppgang ved HVL, seier Naustdal.
Nye fleksible tilbod har vore til hjelp. Deltidsutdanningane trekker søkarar, og det same gjer den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga. Denne er retta mot folk som alt jobbar i barnehage, men ikkje har utdanning innan yrket.
Konkurranse om plassane på nautikk
Innan ingeniørutdanningane går HVL motstraums for andre år på rad, med ein liten vekst. Dei nasjonale tala viser ein liten nedgang. Høgskulen har mange ulike ingeniørutdanningar.
– Nasjonalt har det vore ein stor auke i interessa for å studere bioingeniør, og det ser vi også ved HVL, med 169 førstevalssøkarar og ein oppgang på nærmare 13 prosent, seier Naustdal.
– Også nautikk i Haugesund har svært gode tal. Sidan vi oppretta den fireårige utdanninga med integrert praksis, har utdanninga fått ei fin utvikling. I år er det 173 førstevalssøkarar.

Nautikkutdanninga med integrert praksis er svært populær. Foto: Falkeblikk
Andre studieprogram som rekrutterer godt, er elektroingeniør og maskiningeniør. Noko av grunnen til dette er opprettinga av deltidsstudium og alternative vegar inn i ingeniørutdanningane for dei som manglar matematikk- og realfagskvalifikasjonar. Dette har opna studia for fleire.
– Vi er svært glade for at desse tilboda har gjort teknologistudia tilgjengelege for folk med ulik bakgrunn. Sjølv om vi er i ei tid der for få elevar på vidaregåande vel realfag, viser det seg at mange er interesserte i å jobbe med teknologi, seier Naustdal.
Blant dei tekniske utdanningane er landmåling og eigedomsdesign inne i ein spesielt god trend. Studiet gjekk opp 36 prosent i søkartal i fjor, og held fram med å vekse ytterlegare 19 prosent i år. Med 227 førstevalssøkarar til 80 studieplassar er studiet det sjette mest søkte ved HVL.
Nokre studieprogram syner derimot ein nedgang. Dette gjeld særleg for informasjonsteknologi, der HVL har ein nedgang på 29 prosent i søkartalet.
– Det er synd, for dette er arbeidskraft vi treng på Vestlandet, seier Naustdal.
Sterke tal for økonomifaga, og nettstudium er populært
– Når det gjeld dei økonomiske og administrative utdanningane våre, er det flott å sjå kor mange som ynskjer seg inn på desse, seier Naustdal.
Bachelor i økonomi og administrasjon i Bergen har i år 813 førstevalssøkarar til 114 plassar, og er dermed på 2. plass blant dei mest søkte studia ved HVL.
Eigedomsmekling, økonomi og jus i Sogndal held oppe populariteten, og er på 8. plass blant dei mest søkte studia i høgskulen, med 191 førstevalssøkarar til 40 plassar.
For studentar innan økonomi og ingeniørvitskap finst det fleire masterstudium ved HVL som fører vidare til ein grad som siviløkonom eller sivilingeniør. Begge desse studieretningane syner ein vekst i søkartala. Elles har høgskulen eit stor tal etter- og vidareutdanningar som også trekker mange søkarar, særleg innanfor helsefag, lærarutdanning og pedagogikk.
HVL har ei rekke reine nettbaserte studium som er svært populære, mellom anna sosiologi, samfunnsfag og historie. Årsstudiet i engelsk i Sogndal er det tiande mest søkte studiet ved høgskulen, med 183 førstevalssøkarar.
– Vi ynskjer å gjere utdanning tilgjengeleg for folk flest i mange forskjellige livssituasjonar. Samstundes må vi balansere dette omsynet med også å sikre levande campusar, seier Naustdal.
Tala frå Studiebarometeret tidlegare i år, viste at 89 prosent av studentane på HVL er på campus mellom 3-5 dagar i veka. Prorektoren er tydeleg på verdien av at studentane er mykje på campus.
– Det er svært viktig, både for læring og danning, at unge menneske er ein del av eit fellesskap og eit fagleg og sosialt miljø, seier Naustdal.
Fakta om Høgskulen på Vestlandet
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar og 1800 tilsette.
- HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
- Kvart år uteksaminerer Høgskulen på Vestlandet om lag 3500 kandidatar innan mellom anna helse og omsorg, skule og barnehage, økonomi, administrasjon og ingeniør- og teknologifag.
- Kandidatundersøkinga 2025 viser at 67 prosent av dei som har studert ved HVL, fekk jobbtilbod før dei var ferdige med siste eksamen. Ytterlegare 21 prosent fekk jobb innan det var gått tre månader.
- I juni 2024 sendte Høgskulen på Vestlandet søknad om å bli akkreditert som universitet. Søknaden er no inne til behandling hos NOKUT. Dei gjennomførte institusjonsbesøk i april 2026.