Sårbehandling på topp 10 over etter- og vidareutdanningar

Visste du at sårbehandling er eit av dei mest populær etter- og vidareutdanningstudia på HVL? Det er mykje takka vera sjukepleiar og dosent Arne Jostein Langøen, som nyleg vann pris som årets eldsjel for sitt engasjement for å spreie kunnskap og auka kompetansen om sårbehandling i helsetenesta.

Prisen vart delt ut av Norsk interessefaggruppe for sårheling (NIFS).

- Eg er ein av få som jobbar i høgskule- og universitetssystemet og som er involvert i sårbehandling på høgt nivå. Difor er det ekstra hyggeleg at våre kollegaer som jobbar i helsetenesta set pris på det eg gjer. Det viser at eg har klart å halde kunnskap og ferdigheiter omkring sårbehandling oppdatert, og det er eg veldig nøgd med, seier Langøen.

Populær etter- og vidareutdanning

I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie- og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskaplege grunnlaget for faget har og hatt ei rivande utvikling i denne perioden. Det trengst personell med spesialkompetanse innan sårbehandling på alle nivå av helsetenesta.

HVL tilbyr etter- og videreutdanning i pleie og behandling av ikkje- helande sår. Utdanninga blei etablert i Haugesund i 2008, og kvart år har 45-50 helsearbeidarar blitt uteksaminert frå studiet. I alt er det uteksaminert 556 helsearbeidarar med spesialkompetanse i sårbehandling. Søkjartalet har gått jamt oppover dei siste 10 åra og dekkjar no store delar av landet.

- I år hadde me 212 førsteprioritets søkjarar. Det er på 8. plass av alle etter- og vidareutdanningar som tilbys ved HVL. Det er me som driv dette veldig stolte av, seier Langøen.

Bilete: Årest kull i pleie og behandling av ikkje-helande sår. Foto: Terje Rudi

Mange får framleis ikkje god nok hjelp

I juryen si grunngjeving til prisen som årets eldsjel skriv dei at Langøen har sett kor viktig det er å utdanna helsepersonell med spesialkompetanse på eit område med rask vitskapleg utvikling. Denne utdanninga har vore viktig for sårkompetansen i store delar av Noreg, og særleg på Vestlandet.

- Det viser seg at ein stor del av dei som har ikkje-helande sår kan få god hjelp, forutset at dei som behandlar dei veit kva dei gjer. Det er stor variasjon i kunnskap og kompetansen om sårbehandling i kommunane og mange får framleis ikkje god nok hjelp. Difor er det viktig å halda fram med å auka kunnskapen i helsetenesta, men også å setja arbeidet med sårbehandling i system, seier Langøen.

Vil etablera sårpoliklinikk i Uganda

Langøen har også engasjert seg utanfor Noreg sine grenser. I 2013 etablerte han kontakt med Kisubi sjukehus i Uganda. I dag finnes det ikkje ein dedikert sårpoliklinikk i Uganda, og målet er å starta opp ein sårpoliklinikk ved sjukehuset der.

- Vårt håp er at helsepersonell ved Kisubi på sikt også kan spreia denne kunnskapen vidare til andre sjukehus i landet. Kisubi er eit middels stor sjukehus med ganske mykje utstyr og ressursar. Ved å etablera ein klinikk på eit middels stort sjukehus som har godt omdømme i landet, vil det kanskje stimulera andre sjukehus til å følgje etter, seier Langøen.

- Me har sett at det er viktig å basere arbeidet på verkemidlar sjukehuset har stabil tilgang til. Stadige donasjonar fungerer dårleg i lengda. Difor er samarbeidet rundt utvikling av hjelpemidlar i sårbehandling særdeles viktig, avsluttar han.