
Styrkar satsinga på forsking
Høgskulestyret legg opp til ei sterk satsing på forsking. Det kom fram i handsaminga av revidert budsjett for 2026 og i den nye utviklingsavtalen.
Denne veka har høgskulestyret vore samla til seminar og styremøte ved campus Førde.
Viktige saker som rekneskap 2025, revidert budsjett 2026, årsrapport 2025 og ny utviklingsavtale var til handsaming. Dei fire sakene viser at HVL har gode resultat og utvikling på fleire område - samt ein sunn økonomi og tydelege ambisjonar som nytt universitetet.
- Høgskulen har opparbeidd ein økonomi over tid som gir oss moglegheiter til å utvikle oss i tråd med måla og ambisjonane som ligg til det nye universitetet vårt, seier styreleiar Arvid Hallén.
Han fortel at styret merkar seg det store arbeidet med omstilling og tilpassing til strammare rammer.
- Arbeidet har gitt oss eit handlingsrom som vi må nytta klokt i tida som står føre. Det er krevjande å vera i endring og omstilling, samstundes som ein satsar og utviklar. Den balansen må vi vera merksame på.
At styret ønsker å styrke den faglege verksemda og særskilt forskingsaktiviteten, er ei målretta utvikling.
- Dette er i tråd med policy for forsking og naudsynt for å styrke det nye Universitetet på Vestlandet.
Seinare i vår vil styret få satsinga konkretisert i ei eiga sak med tiltak, arbeidspakker og rammer.
Under styremøte blei HVL sin årsrapport for 2025 vedteke.
- Den gir eit godt bilete av verksemda og resultata vi har nådd. Styret er nøgd med utviklinga på mange felt. Så har vi område og arbeid som må følgjast opp og utviklast vidare både innan utdanning, forsking og regional utvikling.
I arbeidet med ny utviklingsavtale peikte styret på at avtalen må ha ein form som gir retning for HVL sin profil og eigenart. Styret signaliserte at samspelet med samfunns- og arbeidslivet i Vestlandsregionen og det profesjonsnære må tydelegare fram i avtaleutkastet til Kunnskapsdepartementet.
Styret fekk og ei grundig orientering om resultata i årets Studiebarometer.
Overordna viser tala at HVL har styrka seg langs fleire kvalitetsdimensjonar og at tilfredsheita hjå studentane har auka.
- Vi har gjort gode framsteg og dette er resultat av godt kollektivt arbeid, seier Hallén.
No vert resultata tatt vidare i arbeidet med å utvikle studie- og læringsmiljø. Styret peikte mellom anna på at arbeidet kring levande campus må halde fram.
Personvernombodet sin årsrapport blei og drøfta.
- Dette er eit arbeid som treng høg merksemd og oppfølging i den tida vi står i. Vi ser ei positiv utvikling og i junimøtet vil styret få ei oppfølgingssak på kor arbeidet står.
Her finn du styresakene
Styret fekk ei orientering om arbeidet med ny felles rammeplan for lærarutdanningane av dekan Vegard Fusche Moe ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. 
Rektor Gunnar Yttri og prosjektleiar Randi Skår oppdaterte styret om utviklinga i universitetsprosjektet og det føreståande besøket frå NOKUT-komiteen torsdag 16. og fredag 17. april. 
Styret fekk ei grundig oppdatering om pågåande og føreståande arealprosjekt ved alle fem campus av økonomi- og arealdirektør Helge Skugstad (th) og prorektor for regional utvikling og nyskaping, Øyvind M. Berge. For Bergen sonderer ein no moglegheitene for eit nybygg på den såkalla nordtomten på campus Kronstad der O-bygget i dag ligg, like ved bybanestoppet.
Tverrfaglege satsingar innan digital helse mellom fagmiljøa på campus og Helse Førde er i fin utvikling. Her konkretisert i eit spennande forskingsprosjekt med førsteamanuensis Runar Tengel Hovland og stipendiat Jeanette Svarstad.