Set fart i utvikling og omstilling

Styret i Høgskulen på Vestlandet har i to dagar hatt økonomi og strategisk handlingsrom på dagsorden i både styreseminar og styremøte. Det har vore arbeidd med prinsipp for korleis ein skal utvikle studieporteføljen og samstundes sikre økonomisk berekraft i åra som kjem.

- Høgskolen må treffe både samfunnets behov for kompetanse og studentane sine studieval. Dette krev utviklings- og endringskapasitet, seier styreleiar Arvid Hallén

- Dei økonomiske utsiktene og styringssignala som er gitt for sektoren, gjer at vi må treffe gode val framover. Styret ser at det vert arbeidd godt og langsiktig med utviklinga av studieporteføljen samtidig som ein styrker forskingskompetansen.  Det er langs desse spora styret ønskjer å ha merksemda si for å bidra til kvalitet og relevans når vi no blir eit nytt universitet, seier styreleiar Arvid Hallén.

På styremøtet godkjente styret fleire viktige endringar i studieporteføljen, og styret var tilfreds med utviklingsarbeidet som ligg bak.


Økonomi- og arealdirektør Helge Skugstad orienterte styret om den økonomiske situasjonen.

Statsbudsjettet for 2023 var óg på agendaen.

- Vi har hatt ein god gjennomgang av statsbudsjettet og dei økonomiske utsiktene for sektoren i åra som kjem. Ei utfordring er å tilpasse oss at dei ekstra studieplassane vi fekk i korona-tida vert fasa ut. Høgskulen må ha stor merksemd på prioriteringsevne og god økonomisk styring, men også ha evne til å utnytte dei moglegheitene vi ser til auka satsing og nye inntekter.

- Den samla økonomien er framleis  god og vi har eit avsetningsnivå som gjer det mogleg å legge planar for viktige investeringar.

- Framover må vi i større grad løyse oppgåvene innafor eigne rammer. Vi kan vente at det blir færre tildelingar av nye studieplassar og stipendiatstillingar. Derfor må vi ha evne til omprioriteringar, auke dei eksterne inntektene og styrke kapasiteten vår til utvikling og omstilling i ein stor fleircampusinstitusjon.

Styret ved Høgskulen på Vestlandet er oppnemnd for perioden 01.08.19-31.07.2023. Arvid Hallén er ekstern styreleiar og rektor er sekretær for styret. Styrets har totalt 11 medlemar, samansett av fire tilsette i undervisnings-/forskerstilling (UF), ein tilsett i teknisk/administrativ stilling, to studentar og fire eksterne (inkludert styreleiar) som er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet. Bakre rekke: Aina Berg (ekstern), Joar Sande (undervisning/forskarstilling), Hege Økland (ekstern) og Trond Ueland (ekstern). Midten: Tina Åsgård (undervisning/forskarstilling), Tone Skjerdal (teknisk/administrativ stilling), Ragnar Gjengedal (undervisning/forskarstilling) og Kristin Ådnøy Eriksen (undervisning/forskarstilling). Framme: Alexander Papas (student), Gunnar Yttri (rektor og sekretær for styret), Arvid Hallén (Styreleiar, ekstern) og Frida Lunde Høisæther (student).