Signerte Magna Charta-avtale

HVL har signert Magna Charta Universitatum-avtale. Avtalen understrekar at HVL vil vere moralsk og vitskapleg uavhengig all politisk autoritet og økonomisk makt.

Tysdag var rektor Berit Rokne til stades under Magna Charta-seremonien ved University of Salamanca i Spania og signerte på vegne av HVL. Totalt signerte 73 andre institusjonar. 

Verne om demokratiske verdiar

Kvifor er det viktig at HVL signerer ein slik avtale?

– Vi lever i eit samfunn som er prega av endring og aukande internasjonalisering, og her har høgskular og universitet ei viktig rolle med å ivareta og verne om demokratiske verdiar og prinsipp. Difor er det viktig at høgskulen signerer ein slik avtale, seier rektor Berit Rokne.

Avtalen legg til grunn at fridom til utdanning og forsking er eit grunnleggande prinsipp for alle universitet, og at styresmakter og universitet må, på kvart sitt område, garantere og fremje respekten for dette kravet.

Tre sentrale prinsipp

Hovudprinsippa i Magna Charta Universitatum-avtalen er:

1. Universiteta er sjølvstendige samfunnsinstitusjonar som, sjølv om dei er ulikt organisert av geografiske og historiske årsaker, kritisk produserer, utforskar, vurderer og formidlar kultur gjennom forsking og høgare utdanning. For å stille seg opne overfor behova i omverda, må universiteta vere moralsk og vitskapleg uavhengige all politisk autoritet og økonomisk makt.

2. På universiteta må undervisning og forsking vere uskiljelege om undervisninga skal kunne følgje med i behovsutviklinga, nye samfunnskrav og vitskaplege nyvinningar.

3. Fridom i utdanning og forsking er grunnleggande prinsipp for universiteta. Styresmaktene og universiteta må, på kvart sitt område, garantere og fremje respekten for dette grunnleggjande kravet

Kva er Magna Charta?

Magna Charta Universitatum vart signert av 388 rektorar og leiarar ved universitet i og utanfor Europa 18. september 1988 i samband med 900-årsjubileumet til Universitetet i Bologna. Dokumentet peikar på universiteta si viktige rolle i samfunnsutviklinga og understrekar viktigheita av akademisk fridom og institusjonell autonomi.