Ny samarbeidsavtale med Sjøkrigsskolen 

HVL har samarbeidd godt med Sjøkrigsskolen i fleire år. No vert samarbeidet styrka og formalisert i ein eigen avtale.

Onsdag 26. november vart den nye samarbeidsavtalen underteikna ved HVL campus Bergen.

I avtalen heiter det:

Samfunnet har behov for eit styrka samarbeid mellom sivile og militære kompetansemiljø. Partane har ein felles ambisjon om å gjere dette gjennom felles forskingsprosjekt, samarbeid rundt fagressursar og utdanning.

Partane ønskjer eit tett og nært fagleg samarbeid som skal medverke til eit sterkt og attraktivt forskingsmiljø i Bergen og på Vestlandet, samt bidra til å skape framifrå fagmiljø og god kvalitet og breidd innanfor forsking, innovasjon og utdanning.

Når tilhøva ligg til rette for det, kan partane samarbeida om utdanning gjennom t.d. bachelor- og/eller masteroppgåver eller infrastruktur/lab. Det er ingen økonomiske forpliktingar knytt til den denne overordna avtalen. Partane har ein felles ambisjon om å leggje til rette for tilsetjingar i kombinerte stillingar for å bidra til forsking, innovasjon og utdanning.

Rektor Gunnar Yttri ser fram til arbeidet som spring ut av avtalen.

- HVL har samarbeidd godt med Sjøkrigsskolen over fleire år. Med ein ny tryggleikspolitisk situasjon peiker fleire på eit auka behov for at sivile og militære kunnskapsmiljø søkjer saman. Det gjer vi no, og eg ser fram til framhaldet. Tryggleik og beredskap er grunnleggjande for oss.

I avtalen står det at partane vil ha eigne kontaktpersonar for koordinering og oppfølging av samarbeidsavtalen. Kontaktperson ved HVL vil vere dekan for Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Jens Kristian Fosse. Det skal haldast minst eitt årleg dialogmøte mellom partane.

Kort om Forsvarets høgskole/Sjøkrigsskolen

  • Lokalisert på Laksevåg i Bergen
  • Ein av Forsvaret sine tre krigsskular, der dei to andre er Luftkrigsskolen og Krigsskolen
  • Driv leiarutdanning til Forsvaret
  • Tilbyr tre- og fireårig høgskulestudium som gjev profesjonsutdanning som offiser eller befal i Forsvaret, primært Sjøforsvaret.
  • Forskinga er primært retta mot det sjømilitære domenet, og går føre seg i spennet mellom sjømakt og tryggleikspolitikk, maritime operasjonar og leiarskap, sjømilitær teknologi og militær logistikk.