Skal representere Norge og HVL i Brussel
Oded Ben-Horin er valt ut til å vere heile Norges si høgare utdanningsstemme i Brussel når Europakommisjonen skal ferdigstille det framtidige Erasmus+programmet.
– Dette er veldig stas, seier Oded Ben-Horin, instituttleiar ved institutt for kunstfag ved FLKI.
I samband med Erasmus+ si nye programperiode for 2021 til 2027, arrangerer Europakommisjonen ei stor samling i Brussel 28. og 29. januar. Over 600 delegatar frå heile Europa skal vere med for å få informasjon om det nye programmet, men også gi innspel til kommisjonen på utforminga av nye Erasmus+.
Betre måtar å ta i bruk resultata
EU-kommisjon valgte å invitere Oded Ben-Horin frå Høgskulen på Vestlandet etter innspel frå DIKU.
– Eg kjenner på eit stort ansvar for å representere Norge og HVL på ein god måte, seier han.
Ben-Horin har særleg to innspel han ønsker å ta med seg til samlinga i Brussel.
– For det første er eg veldig opptatt vi må finne betre måtar å ta i bruk resultata av gjennomførte prosjekt som er støtta av EU. Her er det mange som har mykje å hente, seier instituttleiaren.
Større samspel mellom mobilitet og forsking
Ben-Horin har brei erfaring med ulike EU-prosjekt, mellom anna har han leia Erasmus+prosjektet "Creativity, Art and Science in Primary Education" (CASE) og EU-prosjektet "Implementing Creative Strategies into Science Teaching" (CREAT-IT).
Det andre innspelet Ben-Horin er oppteken av handlar om korleis vi kan få til enda større samspel mellom studentmobilitet og nye forskingsprosjekt for å systematisere koblingane mellom internasjonalisering, forskning og utdanningane.
– Dersom vi har mange studentar på utvekslingsopphald i til dømes Spania det vere klokt å legge forskningsprosjekt dit også, og ikkje ein heilt annan stad. På den måten kan vi oppnå større synergiar, meiner han.
Det er varsla at budsjettet til Erasmus+ for perioden 2021 til 2027 kjem til å bli tredobla, noko som gir enda større moglegheiter for norske utdanningsinstitusjonar til å motta midlar til komande prosjekt.
– Eg ser fram til å kome tilbake frå møtet i Brussel med større forståing for korleis vi bør jobbe opp mot Erasmus+ i tida framover, seier han.
Fakta om Erasmus+
- Gjennom Erasmus+ har det blitt innvilga nesten 4500 prosjekt med norsk deltaking.
- Norske partnarar tek del i europeiske prosjekt som totaler er tildelt meir enn fem milliardar kroner.
- Til samlinga i Brussel 28. og 29. januar 2020, reiser fire frå Norge som skal representere kvar sin sektor: School Education, Erasmus+ Vocational Education and Training , Higher Education og Adult Education. Diku skal også vere til stades med tre representantar.
Kjelde: www.diku.no