Slik blir dei nye fakulteta

Undereiningane på dei fire fakulteta er vedtatt, etter at HVL-leiinga og fagforeiningane blei einige i forhandlingane. Dei diskuterte også kva slags faglege leiarar dekanane skal opprette.

Instituttinndelinga av fakulteta blei vedtatt tidlegare i haust. No er det også klart kva fageiningar som kjem innan kvart institutt og korleis fakultetleiingane blir sjåande ut.

Det vil no bli jobba vidare med å plassere den enkelte tilsette i fakulteta sine faglege einingar.

NB! Ingen av navna på institutt eller fageiningar er formelt vedtatt.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)

Fakultetet skal ha tre faglege leiarverv som prodekanar, ein for forsking, ein for innovasjon og ein for utdanning.

Her er det sju institutt og ingen undereiningar. Institutta er

  • Maskin- og marinfag
  • Byggfag
  • Miljø- og naturvitskap
  • Data- og realfag
  • Bio- og kjemiingeniørfag
  • Elektro
  • Brannsikkerheit og HMS

Fakultet for økonomi- og samfunnsvitskap (FØS)

Fakultetet skal ha to faglege leiarverv som prodekanar, ein for forsking og ein for utdanning.

Her er det tre institutt, og eitt av dei har tre fageiningar under seg. Kvar fageining leiast av ein assisterande instituttleiar med heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi på aktuell campus.

  • Nautiske fag
  • Samfunnsvitskap
  • Øk.adm.
    • Øk.Adm. Sogndal
    • Øk.Adm. Bergen
    • Øk.Adm. Haugesund

Fakultet for helse- og sosialfag (FHS)

Fakultetet skal ha to faglege leiarverv som prodekanar, ein for forsking og ein for utdanning.

Her er det tre institutt med til saman 19 fagseksjonar. Kvar fagseksjon leiast av ein fagseksjonsleiar med heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi. Institutt for helse og omsorg skal ha eit eige fagleg leiarverv som viseinstituttleiar.

  • Institutt for helse og omsorg
    • Bachelor sykepleie Førde
    • Bachelor sykepleie Bergen, I
    • Bachelor sykepleie Bergen, II
    • Bachelor sykepleie Haugesund
    • Bachelor sykepleie Stord
    • Master i klinisk sykepleie
    • Master i jordmorfag og helsesøster
    • Tverrfaglig master & EVU
  • Institutt for helse og rehabilitering
    • Bachelor fysioterapi
    • Radiografi
    • Ergoterapi
    • Master i fysioterapi
    • Tverrfaglig master & EVU
  • Institutt for helse og samfunn
    • Sosialt arbeid
    • Vernepleie
    • Barnevern
    • Master i samfunnsarbeid
    • Master i psykisk helse/rus
    • Tverrfaglig master & EVU

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)

Fakultetet skal ha tre prodekanar på åremål, ein for forsking, ein for utdanningskvalitet og ein for strategiske satsingar. Dei vil leie kvar sin fageining på fakultetsnivå. I kvar av desse vil de vere programansvarlege som jobber på tvers av institutta.

Her er det fire institutt med til saman 14 fageiningar. Kvar fageining leiast av ein assisterande instituttleiar med heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi.

  • Institutt for idrett, kosthald og naturfag
    • BLU og GLU
    • Nasjonalt oppdrag, etter- og videreutdanning
    • Bachelorutdanninger –herunder idrettsutdanninger, masterutdanning
  • Institutt for pedagogikk, samfunnsfag og religion:
    • GLU 1-7
    • GLU 5-10
    • PPU
    • BLU
    • Bachelorutdanninger, masterutdanning, etter og videreutdanning
  • Institutt for språkfag og matematikk
    • GLU 1-7
    • GLU 5-10
    • BLU
    • Bachelorutdanninger, masterutdanning, etter og videreutdanning
  • Institutt for kunstfag
    • BLU + etter og videreutdanninger:
    • GLU + Bachelorutdanninger, masterutdanning

Merknader til forhandlingane

I forhandlingsmøtet 14. november blei HVL-leiinga og fagforeiningane einige om nokre merknader til forhandlingane. Særleg blei omsynet til campusane lagt vekt på i desse. Fagmiljøa må få ei organisering som gjer at dei kan samhandle og utvikle seg på tvers av campusane, og HVL må ta vare på studieprogramansvaret på campus i dei store utdanningsprogramma.

Vidare blei dei einige om at desse modellane må bli evaluert innan neste åremålsperiode, og at dei vil bli drøfta jamleg i IDF-møta i HVL. Den faglege organiseringa blir følgt opp ei følgeforsking som særleg skal sjå på korleis disiplinfaga på FLKI blir tatt vare på i den nye organiseringa.

Sjå protokoll frå møtet.