
Slik blir kunnskapsbaserte retningslinjer til
HVL-professor Claire Glenton har gjennom fleire år vore med på å utvikle metodar for internasjonale kunnskapsbaserte helseretningslinjer. Nyleg fekk deltakarar frå direktorat og HVL prøve korleis slike anbefalingar blir til.
Bør helsemyndigheitene anbefale bestemte kommunikasjonstiltak for foreldre som skal ta stilling til barnevaksinasjon?
Det var oppgåva då Cochrane Norway arrangerte workshop om utvikling av kunnskapsbaserte retningslinjer ved Høgskulen på Vestlandet.
Gjennom ei simulering hadde deltakarane roller som medlemmer i eit internasjonalt retningslinjepanel. Oppgåva var å vurdere forskingsgrunnlaget, diskutere ulike omsyn og bli einige om ei anbefaling.
Frå WHO til Kronstad
Til saman deltok 23 personar frå HVL og fleire offentlege verksemder, mellom anna Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Statped, Folkehelseinstituttet og NAV.
Workshopen bygde på erfaringar frå arbeidet med helsefaglege retningslinjer i Verdshelseorganisasjonen (WHO). Her fekk deltakarane prøve dei same vurderingane som ligg til grunn når helsemyndigheiter og internasjonale organisasjonar utviklar anbefalingar.
Claire Glenton arrangerte workshopen saman med Susan Mnunabi-Babigumira frå HVL og Simon Lewin frå NTNU. Dei har gjennom fleire år arbeidd med retningslinjer for WHO.
Nyleg blei dette arbeidet anerkjent ved at HVL har fått status som WHO Collaborating Centre. Som forskarar ved senteret og ved Cochrane Norway har dei vore med på å utvikle metodar som blir brukte når kunnskapsbaserte anbefalingar skal utformast.
Dette inkluderer GRADE Evidence-to-Decision-rammeverket som i dag blir brukt av WHO og ei rekkje nasjonale og internasjonale organisasjonar.

Lars Jørun Langøien og Trine Bjerke Johansen, begge frå Folkehelseinstituttet.
Krevjande vurderingar og lokale utfordringar
I simuleringa fekk deltakarane tildelt ulike roller og interesser. Nokre representerte forskingsmiljø, andre myndigheiter, tenestene eller frivillig sektor, med perspektiv frå ulike delar av verda.
– Vi ønskjer å gi deltakarane praktisk erfaring med slike prosessar og styrkje kompetansen deira til å delta i reelle retningslinjeprosessar, seier Claire Glenton.
I simuleringa skulle dei vurdere om ein burde anbefale bestemte kommunikasjonstiltak for foreldre når dei skal ta stilling til om barna deira skal få vaksiner.
Ulike roller førte naturleg nok til ulike vurderingar. I rolla som «Tracey Peterson», visepresident i det kanadiske barnelegeforbundet, stilte ho spørsmål ved om tiltaket var realistisk i eit pressa helsevesen.
Ein annan deltok som «Xiao Lu», seniorrådgivar ved det kinesiske senteret for sjukdomskontroll og førebygging, og argumenterte for at massemedia kunne vere ein meir effektiv informasjonskanal ut mot befolkninga.
I rolla som «Zama Tshabalala-Spencer», prosjektleiar i Redd Barna Sør-Afrika, meinte ein tredje deltakar at tiltaket kunne styrkje foreldre sitt grunnlag for å ta informerte val, men peika samstundes på utfordringar knytt til ressursbruk og gjennomføring.

Claire Glenton har gjennomført mange simuleringsworkshoppar. – I september skal vi gjennomføre same simulering for WHO-tilsette i hovudkvarteret i Geneve, seier ho.
Tryggare på å ta ordet
Glenton fortel at mange av diskusjonane likna på det som skjer når WHO utviklar retningslinjer.
– Ofte handlar diskusjonane om korleis erfaringar og forskingsresultat skal vegast opp mot kvarandre. Bestemte forskingsresultat fører ikkje automatisk til bestemte anbefalingar. Dei må tolkast og vurderast i den aktuelle konteksten, seier ho.
Ei anna utfordring er at nokre stemmer lett får meir plass enn andre.
– Derfor fekk enkelte deltakarar roller som skulle skape slike situasjonar. Éin spelte til dømes ein forskar som stadig viste til si eiga forsking. Det er ikkje uvanleg i verkelege retningslinjegrupper, seier Glenton.
Ho meiner simuleringa kan gi nyttige erfaringar både for dei som skal delta i slike prosessar og for dei som skal leie dei.
– Når ein sjølv får kjenne på korleis diskusjonane fungerer, blir det også lettare å forstå kor viktige detaljane er. Vi håpar øvinga gjer deltakarane tryggare på å ta ordet og gir betre forståing for kor viktig det er å vurdere ulike omsyn systematisk.

Lillian Bruland Selseng og Sari Kaarina Lindeman. Begge frå Høgskulen på Vestlandet.
Gjennom arbeidet med vaksinecasen erfarte deltakarane at det ikkje er nok å vite om eit tiltak verkar. Dei måtte også ta stilling til kostnader, gjennomførbarheit, aksept hos brukarane og konsekvensar for ei rettferdig fordeling av ressursar. Dette er kjernen i GRADE Evidence-to-Decision-rammeverket.
Nyttig for komande prosessar i Noreg
Retningslinjer og faglege anbefalingar er viktige verktøy for å sikre kvalitet og likeverdig behandling. Samstundes er vegen frå forsking til anbefaling sjeldan rett fram.
Mange av deltakarane kjem frå verksemder som utviklar eller forvaltar retningslinjer og faglege råd.
– Erfaringane frå simuleringa kan vere direkte relevante når deltakarane skal vere med på eller leie tilsvarande prosessar i Noreg. Derfor deltek fleire direktorat-tilsette som for tida er involvert i slike prosessar, seier Glenton.
