Søker samarbeid med barne- og ungdomsskular

Eit nytt senter ved HVL skal i samarbeid med barne- og ungdomsskular utvikle kompetanse, verktøy og utstyr for fysisk aktiv læring (FAL).

Geir Kåre Resaland er leiar for det nye senteret SEFAL ved Høgskulen på Vestlandet. No er SEFAL på utkikk etter skular som vil vere med å utvikle kompetanse, verktøy og utstyr for fysisk aktiv læring (FAL). 10 lærarar på kvar av skulane som deltek, vil få delta på kompetansehevingstiltak.

– For skuleåret 2019/2020 ønskjer SEFAL å etablere samarbeid med 10 skular frå eitt geografisk område i Noreg, og 10 frå eit anna. Vi ber difor om at skular frå ein eller fleire nærliggande kommunar går saman om ein søknad for å bli samarbeidspartnarar med oss, fortel han.

skuleåret 2020/2021 vil prosjektet bli utvida til å omfatte tre geografisk avgrensa område, med 10 skular i kvart.

Sjå utlysinga.

Ta kontakt med Geir Kåre Resaland for meir informasjon eller for å melde interesse. Fristen for å søke er 21. januar.