
Sju vil bli ny rektor på HVL
Fire interne og tre eksterne kandidatar utgjer søkarlista til rektorstillinga i HVL.
HVL sin nye rektor vil tiltre 1. januar 2021, og overta stillinga etter dagens og HVL sin første rektor, Berit Rokne.
Rektorstillinga er eit åremål på fire år.
Det er lagt opp til ein god og grundig prosess framover med intervju og vurdering av kandidatar. Prosessen blir leia av eit innstillingsutval som HVL-styret har sett ned.
Sjølve tilsettinga av ny rektor vil skje i styremøtet 24. september.
Her er søkarlista:
|
Namn |
Alder |
Noverande stilling |
Kommune |
Kjønn |
1 |
Arild Hovland |
59 |
Dekan |
Drammen |
Mann |
2 |
Jan Petter Hansen |
57 |
Prefekt |
Göteborg |
Mann |
3 |
Gunnar Yttri |
53 |
Førsteamanuensis |
Sogndal |
Mann |
4 |
Tom Skauge |
64 |
Instituttleiar |
Bergen |
Mann |
5 |
Gro Anita Fonnes Flaten |
47 |
Prorektor for forsking |
Alver |
Kvinne |
6 |
Asle Holthe |
59 |
Dekan |
Bergen |
Mann |
7 |
Søkjaren er unnateken frå offentlegheita
|
62 |
|
|
Mann |