Spennande EU-prosjekt om digital kompetanse hos helsepersonell
Sist veke var Høgskulen på Vestlandet (HVL) vertskap for EU-prosjektet DISH. Prosjektet skal auke dei digitale ferdigheitene hos helsepersonell.
DISH (Digital & Innovation Skills Helix in Health) er eit prosjekt finansiert under EU sitt Erasmus + program, og starta opp i november i fjor. På deira andre samling sidan oppstarten hadde dei tatt turen til Bergen og HVL.
Velferdsteknologi i vinden
I heile Europa blir det fleire eldre som lever lengre, men det blir færre helsepersonell til å ta seg av alle saman. Difor blir det utvikla mange digitale løysingar i omsorgstenestene, som til dømes lokaliseringsteknologi til personar som lever med demens, e-journalar og digitalt tilsyn i heimen. Det skal bidra til god helseomsorg trass prognoser om færre helsepersonell.
Men dei digitale løysingane når ikkje sitt fulle potensiale, i følgje DISH-prosjektet, som peiker på fleire moglege årsaker.
Kor skoen trykker
Hovudårsakene er at teknologien ikkje er godt nok tilpassa eksisterande oppgåver i sektoren, og at ulike plattformer og system ikkje snakkar godt nok saman.
I tillegg kan det vere at løysingane ikkje har blitt utvikla saman med helsepersonell, eller at helsepersonell manglar den digitale kompetansen til å ta dei i bruk. Det kan òg ligge organisatoriske hindringar bak, til dømes mangel på pengar, motivasjon eller endringsvilje hos leiinga.
På HVL hadde dei nær 30 deltakarane frå Norge, Spania, Tyskland, Polen, England og Danmark samla seg til gode diskusjonar om korleis ruste helsepersonell med framtidas digitale kompetanse.
Verktøykasse for helsepersonell
I løpet av dei tre åra DISH-prosjektet skal vare, skal dei blant anna sjå på kva digital kompetanse som trengs for å handtere konsekvensane av digitalisering av helsevesenet.
Ut frå denne kartlegginga vil prosjektet lage ei verktøykasse av modeller for å organisere og utvikle etter- og vidareutdanning for helsepersonell. Den skal tilsette i omsorgstenestene i pilotkommunar og sjukehus i kvart land teste ut. Til slutt vil prosjektet komme med ein anbefaling om korleis fremje digital kompetanse i helse- og omsorgstenestene.
Du kan følgje DISH på Twitter.
Fakta om DISH-prosjektet
Eit 3-årig Sektor Skills Alliances-prosjekt finansiert under EU sitt Erasmus + program.
DISH-prosjektet har med deltakare frå 18 organisasjonar frå fem europeiske land. Frå Noreg deltek:
- Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforsking vest
- Vaksdal kommune – ved helse og omsorg
- Norwegian Smart Care Cluster