Startar fleksible ingeniørutdanningar for industri i omstilling

Til hausten kan studentar frå heile landet starta på samlingsbaserte ingeniørutdanningar ved høgskulen. Tilbodet vert utvikla saman med fagskular og næringslivet på Vestlandet.

Allereie hausten 2021 startar dei fleksible nettstøtta ingeniørutdanningane opp innan elkraftteknikk og automatisering med robotikk.

Utdanningane er retta mot personar med fagskuleutdanning som ønsker å ta ei ingeniørutdanning ved sida av å vera i jobb. På sikt ønsker høgskulen å utvida med fleire ingeniørretningar.

Mange vil studera ved sida av å vera i jobb

Tilbodet som no skal utviklast byggjer på ein tidlegare modell for bachelorutdanning i ingeniørfag, som også er kjent under namnet «Stord-modellen». Denne er skreddarsydd for personar med fagskuleutdanning og baserer seg på 60 studiepoeng fritak for emne som er gjennomført på fagskulen. Den vert no vidareutvikla til ei meir fleksibel 3-årig deltidsutdanning.

- Mange er interesserte i denne modellen og i å ta utdanning ved sida av jobb og familie, fortel prosjektleiar Rannveig Litlabø. Difor vert det ei utdanning som byggjer på samlingar og undervising på nett.

- Slike utdanningsmodellar er sterkt aukande i høgskulen, men kan vera utfordrande for både faglærarar og studentar, tilføyer Aslaug Grov Almås som er førsteamanuensis i IKT i læring.

- Fleksibilitet må ikkje gå ut over kvalitet i det faglege innhaldet og difor er ein i dette utdanningstilbodet særleg oppteken av korleis digitalisering, fag, pedagogikk og innovative læringsformer kan spela saman.

Covid-19-perioden har lært oss at digital undervising er krevjande og Litlabø er difor glad for å dela prosjektansvaret med Almås.

Nye kompetansebehov mot det grøne skiftet

Bakgrunnen for satsinga er etterspurnad frå verksemdene om utdanning for å heva kompetansen internt i ein industri i rask omstilling mot det grøne skiftet.

Trongen for oppdatert fagkunnskap er stor, og verksemdene som Høgskulen på Vestlandet samarbeider med skal vera med å gje innspel til både innhald og organisering av utdanningane.

Det er også eit ønske om å kopla utdanningane tett på aktivitetar som skjer ute i verksemdene og at verksemdene skal kunna medverke i det faglege innhaldet, blant anna med ny kunnskap innan energi-, batteri- og havvindteknologi.

- Industrien på Vestlandet er verdsleiande på fleire område innan utvikling av nye energieffektive og miljøvenlege teknologiar, og dette trur me vil vera med på å trekkja studentar frå heile landet, seier Litlabø.

Fagskule og næringsliv deltek i utviklinga av tilbodet

Det nye tilbodet blir utvikla i tett samarbeid med fagskulane både i Rogaland og Vestland fylke, i tillegg til sentrale aktørar frå næringslivet.

Onsdag 18. november vert det arrangert eit digitalt arbeidsseminar der deltakarar frå fagskulane, næringsliv og studentar møter tilsette ved høgskulen for å gje innspel til utviklingsarbeidet.

Frå næringslivet deltek representantar frå blant anna NCE Maritime CleanTech, Sustainable Energy Catapult Centre, Atheno, Leirvik og BKK.

Prosjektet er finansiert av Diku med 5 millionar kroner.