Startar ny utdanning i informasjonsteknologi i Haugesund

Høgskulen på Vestlandet opprettar ei ny bachelorutdanning i informasjonsteknologi i Haugesund frå høsten 2023. Gassco går inn og støttar etableringa med 5 millionar kroner.

Måndag kunne etableringa av det nye studiet endeleg feirast på campus Haugesund. Bakgrunnen for etableringa er den store etterspurnaden etter kompetanse innan datateknologi i regionen. Dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap Jens Kristian Fosse er glad for at det nye studietilbodet endeleg er i boks:

–Næringsliv og kommunar på Haugalandet har over lengre tid fremja ønske om at HVL skal etablere ei  utdanning i informasjonsteknologi i regionen. For HVL er det viktig å bidra til å skape gode utdanningstilbod som svarer på arbeidskraftsbehova i samfunnet. Difor er vi også ekstra glade for at Gassco ønskjer å bidra økonomisk til satsinga på ei bachelorutdanning i  Haugesund. No gler vi oss til å ta imot dei første studentane høsten 2023, seier Fosse.

Gaming-ungdom  kan spele nøkkelroller

Til stades under markeringa var både ordførar Arne-Christian Mohn, og  personalsjef i Gassco Odd Mangor Einarsen. Som mange andre verksemder i regionen merkar Gassco at konkurransen om IT-hovuda er hard:

- Vi er opptatt av å sikre den riktige kompetansen til ei kvar tid. Vi og andre selskap ser at det er vanskeleg å rekruttere nok folk med IT-kompetanse. Vi forstår at vi har ein viktig jobb i å bidra til å auke tilfanget, og få flere til å utdanne seg innenfor IT slik at vi er betre rusta for framtida, seier Odd Mangor Einarsen og legg til:  

- Ungdommar som spelar dataspel i kjellerstova i dag, kan spele nøkkelroller i energiforsyninga om nokre få år viss dei skaffar seg riktig kompetanse.