Statsbudsjettet med tydelege signal
– Forslaget til årets statsbudsjett er stramt for oss i HVL. Vi får eit klart signal om å tenke nytt og prioritere annleis i åra som kjem. Det er vi budde på. Eg hadde likevel forventa at vi som fleircampusinstitusjon blei kompensert. Det er vi ikkje, seier rektor Gunnar Yttri.
– Eg vil heller seie at vi er råka særskilt med nedtrekket grunna antatt redusert reiseaktivitet, legg Gunnar Yttri til.
I dag kom forslaget til Statsbudsjett for 2023. HVL får samla sett ei løyving på 2,28 milliardar kroner.
Bakom tala ligg nokre detaljar som er verdt å merke seg:
- HVL driv godt på utdanningssida og har ei fin auke i studiepoengproduksjonen. Det gir ei god utteljing i budsjettet på 21,5 millionar kroner.
- HVL får på grunn av overgangen frå 4- til 5-årig lærarutdanning ikkje kandidatproduksjon frå lærarutdanninga i 2023, og får ikkje kompensert denne nedgangen i kandidatproduksjon på om lag 15 millionar kroner. Samla sett har HVL ein reduksjon i kandidatproduksjon på 12,4 millionar kroner.
Kutt i reiser
Også andre reduksjonar vil påverke HVL sitt handlingsrom.
- HVL får eit kutt knytt til reiser på 10,4 millionar kroner.
- HVL får eit kutt på 12,4 millionar kroner knytt til inndekningar av satsingar som heile sektoren må bidra til.
Støttar ikkje opp under fleircampusinstitusjonar
HVL-rektor Gunnar Yttri seier at årets statsbudsjett ikkje støttar opp under fleircampusinstitusjonar.
– Vi har ikkje fått noko stor drahjelp frå Regjeringa med kuttet som kjem kring reiser. For oss er dette ei vidareføring og forsterking av ABE-kuttet. Så høyrer eg at finansiering av fleircampusinstitusjonar vil komme inn i nytt finansieringssystem.
– Det har vi forventningar om, og det hastar. Det burde ha komme alt no.
Det blir strammare i sektoren framover
Yttri merkar seg og signala om at studieplassar som blei tildelt i koronapandemien blir fasa ut på sikt.
– Signala til oss er klåre. Det blir strammare i sektoren vår framover og vi må løyse oppgåvene våre og prioritere hardare innanfor eiga ramme. Så vil eg seie at vi er budde på dette. Vi skal bruke tida framover godt for å utvikle oss vidare i tråd med vår nye strategi og forventningane som vert stilt til oss.
Fakta om Høgskulen på Vestlandet
- Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 4.500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
- HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing.
- Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
- Vi har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.