HVL får nedgang i statsbudsjettet

Høgskulen på Vestlandet får i framlegg til statsbudsjettet for 2026 ei løyving på 2,54 milliardar kroner. Det er ein realnedgang på 1,8 prosent samanlikna med fjoråret.

– Få av satsingane i statsbudsjettet treff HVL, seier rektor Gunnar Yttri som var tilstades under framlegginga i Oslo.

Hovudtrekka for Høgskulen på Vestlandet

  • HVL har ein nedgang i avlagte studiepoeng, ein nedgang i studentar som fullfører på normert tid, men ei auke i avlagte doktorgradar. Samla utgjer det eit nedtrekk  i budsjettet på 19 millionar kroner.
  • Nedtrapping av studieplassar frå Utdanningsløftet (studieplassar frå koronatida) utgjer eit nedtrekk på 8,6 millionar kroner. Her er det verdt å merke seg at HVL får ei auke i finansieringa av 20 studieplassar til arbeidsplassert barnehagelærarutdanning (ABLU). Dette utgjer ein million kroner.
  • Omprioriteringar til satsingar i universitets- og høgskulesektoren utgjer eit nedtrekk på 18 millionar kroner.
  • Prisjusteringa i statsbudsjettet utgjer 3,6 prosent.

Rektor Gunnar Yttri tok del på framlegginga av statsbudsjettet i Kunnskapsdepartementet i Oslo onsdag morgon 15. oktober.

– Vi hadde på førehand rekna ut at vi ville ha ei nedgang i den resultatbaserte delen i budsjettet. Det same med nedtrappinga av studieplassane som me fekk tildelt i koronatida.

Ingen nye studieplassar til sjukepleie ved HVL

Han merkar seg at nokre institusjonar får tildelt nye studieplassar til sjukepleiarutdanning.

– Eg meiner at HVL også burde fått tildelt nye studieplassar her. Vi er ei av dei største sjukepleiarutdanningane i landet og vi driv godt og omfattande i eit stort geografisk område.

– Så er vi glade for satsinga på arbeidsplassert barnehagelærarutdanning.

Prioriterer tryggleik og beredskap 

I framlegginga til statsbudsjettet dreg departementet inn studieplassar frå nokre institusjonar som ikkje fyller studieplassane på utvalde studium. 

– Det er eit nytt signal å merke seg. Vi ser no ei regjering som omprioriterer og kor institusjonar med god rekruttering i Oslo-området vinn fram, seier Yttri.

Han fortel at framlegget til statsbudsjettet for 2026 har ei tydeleg prioritering på tryggleik og beredskap, og satsing på teknologi. I tillegg til bygg og infrastruktur. Dette er satsingar alle institusjonar er med og finansierer gjennom omprioriteringar. 

Få av desse satsingane treff HVL.

Yttri etterlyser større satsing på realfag og teknologi

Under framlegginga i Kunnskapsdepartementet tok Yttri ordet og etterlyste ei større satsing på realfag og teknologi. 

– HVL er ei viktig utdanningsaktør for teknologi og IKT, særleg på Vestlandet, men vi er ein nasjonal aktør. Vi etterlyser ei vidare satsing på dette. Om ein ønskjer innverknad for verksemder og samfunn av denne satsinga, er det avgjerande viktig at satsinga ikkje vert avgrensa til einskilde universitet.

Yttri fortel at høgskulestyret vil bli orientert om framlegget til statsbudsjettet 2026 kommande veke under styremøtet ved HVL, campus Bergen.

- Hovudbodskapen er at rammene endrar seg og det blir strammare og strammare. Det betyr at vi må arbeide godt framover med å tilpassa aktiviteten vår og styrka arbeidet med å henta inn eksterne inntekter.

Midlar til lærarrekruttering og Nattergalen

I framlegget til statsbudsjett får Høgskulen på Vestlandet også 10 millionar kroner til Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering. HVL er også ein av åtte utdanningsinstitusjonar som får midlar til mentorordninga «Nattergalen», som er eit tilbod for barn med minoritetsbakgrunn og studentar på sosialfaglege bachelorutdanningar.



Kunnskapsdepartementet sitt budsjettforslag