Statsråden kjem til HVL-konferansen

Nyskapinga HVL-konferansen går føre seg neste veke. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kjem til Bergen og gler seg til å delta. Du kan framleis melde deg på konferansen.

- Eg gler meg til å vera med på HVL-konferansen og debatten om studentane sitt møte med arbeidslivet. Det er eit tema eg er oppteken av og eg ser fram til innspel og erfaringar frå resten av panelet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

HVL-konferansen går føre seg digitalt og tema er: «Kva vil det seie å vere eit profesjons- og arbeidsretta universitet?»

Over 200 deltakarar er alt meldt på konferansen som samlar eit breitt spekter av folk frå akademia, arbeidslivet og politikken.

Siri Lill Mannes er konferansier.

Sjå programmet til konferansen og meld deg på



Les meir om HVL-konferansen