Strålande arbeid om solceller i Sierra Leone

Det er ikkje alle som får høve til å følgje og beskrive heile prosessen med å prosjektere, byggje og drifte eit nytt solecelle-anlegg ved eit sjukehus på landsbygda i Sierra Leone. – Dette har vore eit utroleg kjekt arbeid, seier ingeniørstudentane Mette Kristine Breiteig og Trond Hjartåker ved campus Haugesund.

Førre veke la dei fram arbeidet med flott resultat under prosess- og sikkerhetsdagen i Haugesund. Og la det vere sagt. Dei valte ikkje den enklaste vegen for den avsluttande bacheloroppgåva si.

- Ting har utvikla seg undervegs, og det har vore mykje arbeid. Men det har vore veldig lærerikt og kjekt, fortel dei.

Ein ting er å følgje og evaluere heile prosessen med eit solcelleanlegg frå A til Å. Men å gjere dette i eit anna land, i ein annan kultur, innafor ei ramme som er bistandsrelatert – ja, det
er noko meir. Mykje meir.

For å forstå omfanget og kompleksiteten i dette må me spola tilbake til vinteren 2016. Mette Kristine blir kjend med organisasjonen «Ingeniører uten grenser». Det er ein organisasjon som formidlar ingeniørkompetanse til norske bistandsorganisasjonar. Eitt av prosjekta dei jobbar med er å hjelpe Haugesund Rotifunk og arbeidet deira med å installere eit solcelleanlegg på sjukehuset i Sierra Leone Sjukehuset har til no hatt ustabile og kostbare diesel-aggregat for å produsere straum.



- Eg blei med i arbeidet og såg at dette kunne eg kopla inn mot den avsluttande prosjektoppgåva mi. Og faglærarane her på HVL var veldig støttande og hjelpsame. Eg blei veldig motivert.

På slutten av 2016 kom Trond med. Han hadde ei halvegs ingeniørutdanning som han ønskte å fullføre.

- Eg tykte arbeidet høyrdes veldig kjekt ut. Og eg var glad for at Mette Kristine ville ha meg med. Fagområdet fornybar energi og solceller var nytt, så me brukte ein god del tid til å lesa oss opp.

Så begynte arbeidet for fullt. Men avstanden var stor. Mykje kan gjerast, tenkast og planleggjast i Haugesund. Men å vera til stades er vel så viktig. I mai reiste dei difor ned til Sierra Leone og sjukehuset. Her fekk dei seg ei aha-oppleving.

- Du kjem til ein annan kultur. Og her er ikkje alt slik du hadde tenkt og sett det for deg. Du må gjerne tenke på nytt og endre på planar.

Og slik blei det.

- Det meste av utstyret og sjølve solcelle-anlegget var på plass. Men nokre viktige delar av utstyret blei stoppa i tollen, dagane gjekk og ting måtte utsetjast.

Mette Kristine Breiteig og Trond Hjartåker her i lag med elektroingeniørane Jonas Jørgensen og Leif Skorge.
Mette Kristine Breiteig og Trond Hjartåker her i lag med elektroingeniørane Jonas Jørgensen og Leif Skorge.

Men studentane blei ikkje arbeidslause.

- Me gjekk gjennom og testa det som var klart på anlegget, me leste oss opp, me hadde mange møter med dei som jobba på sjukehuset og me justerte planar.

- Uansett ligg det mykje god læring i arbeidet når du må justere, endre og tilpasse ting undervegs.

Mette Kristine og Trond tok også eit nytt steg med oppgåva si. Dei utvikla like greitt ei eiga rettleiing og guide på engelsk for korleis ein kan prosjektere, byggje og drifte eit solcelle-anlegg.

- Den er blitt tatt god i mot av fleire og den er alt i bruk.

I desse dagar er solcelle-anlegget ved sjukehuset i full drift. Dei to studentane er spente på korleis det går framover.

- Heile jobben er ikkje gjort. God opplæring i korleis anlegget verkar og riktig bruk av straumen er viktig. I tillegg skal det gjerast kvalitetsjekkar fortløpande.

- Nokon i frå organisasjonen vil reise ned og sjå korleis det går. Kanskje tar me også turen. Me får sjå. No får sjukehuset stabil tilgang til straum, og det er det viktigaste.