Ønskjer samarbeid på tvers

Kva område i HVL eigner seg best for tverrgåande samarbeid? Ein fersk rapport som forsøker å gi nokre svar på dette blei presentert under strategiseminar med styret.

sluttrapporten til prosjekt Fagleg plattform, profil og strategi låg føre, hadde dei føreslått fem tverrgåande synergiområde og gjort ei førebels utgreiing av desse.

Områda som styret valde å ta med vidare var: berekraftig utvikling og sikkerheit, IKT som mulegheitsområde, og ansvarleg innovasjon og regional omstilling  

Tre område blei i tillegg lagt til, som styret ønskte ei nærare utgreiing av i samband med strategiprosessen. Desse var: danning, brukermedverknad, og profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Strategiprosessen er no i gang, og i samband med førre styremøte hadde strategigruppa samling med styret for å drøfte strategisk plattform for Høgskulen på Vestlandet, som skal omfatte vår visjon og våre verdiar som organisasjon.

Ville synleggjere moglegheiter

Knut Steinar Engelsen, som var prosjektleiar for arbeidet med den førre rapporten, har leia arbeidet med den ferske rapporten som greier nærare ut for dei tverrgåande synergiområda. Han presenterte rapporten på seminaret.

 Tanken med dei ulike områda er at det skal vere mogleg for alle fakulteta å kjenne seg sjølve igjen, og at ein i skildringa av dei kan sjå motivasjon til å samarbeide på tvers, fortel Engelsen. 

Arbeidsgruppa blei sett saman av representantar frå alle fakulteta, som gjorde ei fordeling av dei ulike oppgåvene og områda. Undervegs hadde dei virtuelle møte før rapporten til slutt blei sydd saman, med språkkyndig og grafisk støtte.

Gruppa diskuterte også kor mykje dei skulle konkretisere forslaga til aktuelle prosjekt og fagmiljø, som på den eine sida kan føre til oppklaring, men på den andre sida kan føre til at nokre føler seg utestengte. 

 Vi landa på å ikkje namngi miljø, men heller å synliggjere moglegheiter. Vi ser dette som starten på ein prosess, der også fagmiljøa sjølve må sjå kor dei blir motiverte til samarbeid, seier Engelsen.

Gruppa har også foreslått nokre konkrete tiltak, men styret har ikkje tatt stilling til desse. Konkrete tiltak vil bli klargjort som del av strategiprosessen. 

Visjon og verdiar

Eit anna sentralt tema på strategiseminaret var visjon og verdiar. Diskusjonen tok utgangspunkt i visjonsforslaget som blei utforma i fusjonsprogrammet av prosjekt Fagleg plattform, profil og strategi: 

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein fleircampus profesjons- og arbeidslivsretta høgskule som skal medverke til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og globalt. Vi skal utnytte breidda ved våre fem campus til å vere tett på studentane og dei sektorane vi utdannar kandidatar til, samarbeider med og driv forsking om.

HVL skal vere kjende for å ha svært nøgde studentar som trivast og lukkast. HVL skal utvikle og dele forsking av høg internasjonal kvalitet, og verte ein stor, tydeleg og synleg høgare utdannings- og forskingsinstitusjon.

Det er eit mål for HVL å bidra til auka verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Verksemda vår skal vere prega av høg etisk standard og akademisk fridom.

I rapporten blir det vist til at det i sektoren er ulike tradisjonar for korleis eit visjonsuttrykk blir uttrykt - om det er kort og slagordaktig eller langt og prosaisk - og at det er ulike syn på kva funksjon ei visjonsformulering har.

Dei refererer til at ein måte å sjå det på, er at formuleringa skal uttrykke meining, retning og energi, og landa i dialog med styringsgruppa på ei formulering som er meint å gi ei retning ut i frå det som var essensen i fusjonsplattforma. 

Styret gav uttrykk for at formuleringa står seg godt, men at det også kunne vere ønskeleg om strategiprosssen leda fram til ei meir spissa og slagordaktig formulering. 

Frukostmøte om strategi

Styret gav også innspel til kva verdiar dei meiner skal prege arbeidet vår i den nye høgskulen. Kritisk dialog, vilje til å dele, nyskapande, medverkande, engasjert og tett på, var nokre av forslaga som kom opp.

– Den strategiske plattforma skal omfatte vår visjon og våre verdiar som organisasjon. Den skal vere tydeleg på kvifor vi er til – på vårt formål og oppdrag, seier leiar for strategigruppa, Bjørg Kristin Selvik. 

I det endelege strategiforslaget skal ein prøve lande på eit sett med verdiar, og temaet blir sentralt for det første frukostmøtet om strategiprosessen. 

 Vi skal kunne seie noko om kva verdiar som skal prege våre strategiske prioriteringar, ord og handlinger. Samtidig bør visjonen vår vere ambisiøs og inspirerande – både for oss og våre samarbeidspartnarar, seier Selvik.

Frukostmøtet er under planlegging og vil mest sannsynleg finne stad i slutten av januar, eller tidleg februar. Her vil studentar og tilsette mellom anna få høve til å spele inn kva verdiar dei synest vi skal strekkje oss etter.