Studentane er meir nøgde enn før

Studiebarometeret for 2023 viser at studentane ved Høgskulen på Vestlandet er meir nøgde enn dei var i 2022. No er håpet at trenden vil halde fram.

 Det er fint å sjå at tala peikar rett veg. Målet er å styrke utdanningskvaliteten slik at studentane blir endå meir nøgde! seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal.

På spørsmålet om i kva grad studentane alt i alt var nøgde med studia sine, gav HVL-studentane ein skår på 3,8 ut av 5, der 5 var høgst moglege. Dette er eit hakk betre enn året før, då skåren låg på 3,6.

Elles i landet, på alle høgskular og universitet sett under eitt, gir studentane ein gjennomsnittleg skår på 4,0 på dette spørsmålet. Dermed ligg HVL litt under snittet.

Henrik Haug, leiar for Studenttinget på Vestlandet, ser på si side lyst på både resultatet og framtidsutsiktene for HVL:

– Vi i Studenttinget er glade for denne framgangen for høgskulen. Generelt er folk meir tilfredse, og vi håpar at det er ein trend som vil halde fram. Det vil vi studentane støtte opp om gjennom å vere med i prosessane kring arbeidet med studiekvalitet, seier Haug.

Brukar KI til å forklare pensum

Nytt av året er at Studiebarometeret har stilt ei rekkje nye spørsmål til studentane. Mellom anna har dei blitt spurt om korleis dei bruker kunstig intelligens. Det viser seg at KI har blitt eit viktig verktøy for dei. 60 prosent seier dei bruker det i studia sine, og det vanlegaste er å bruke det til å forklare tema, pensum, konsept og terminologi.

Dei har også blitt spurt om kva faktorar som påverka valet deira av studiestad. Dei blei presenterte for ei rekkje påstandar, og studenten skulle merke av for kva som var viktig eller mindre viktig.

For landet sett under eitt, svarte dei fleste studentane at det viktigaste for val av studiestad var at institusjonen har eit godt fagleg omdømme og at det sosiale miljøet på studiestaden er godt. At studiestaden blei oppfatta som attraktiv, rangerte også høgt. Kring 60 prosent av studentane merkte av for desse tre påstandane.


Det sosiale miljøet er viktig for HVL-studentane i Sogndal. Foto: HVL/Anders Løbø Navarsete.

Sogndal tiltrekk studentar frå heile landet

Når det gjaldt påstanden om at sosialt miljø var viktig for valet av studiestad, merkte Sogndal seg spesielt ut – noko som også blir framheva i rapporten frå NOKUT om undersøkinga. Her kom Sogndal ut med klart høgast andel av studentar som meinte dette var viktig, heile 77 prosent.

Av andre studiestader var det berre Trondheim som bikka 70 prosent på denne påstanden. Blant studentane i Sogndal meinte også 50 prosent at byte av miljø eller sjansen til å bu ein ny stad var viktig for valet deira.

«Dette tyder på at man i Sogndal har vært gode på å tilrekke seg studenter fra andre deler av landet,» står det i NOKUT sin rapport om Studiebarometeret.

Færre enn før svarte på undersøkinga

Studiebarometeret er ei nasjonal undersøking som frå 2014 har gått ut til studentar ved alle norske universitet og høgskular. NOKUT er ansvarleg for gjennomføringa, på vegner av Kunnskapsdepartementet. Spørsmåla går til studentar på andre og femte studieår.

Ved HVL svarte 37 prosent av desse studentkulla på Studiebarometeret 2023, mens svarprosenten året før låg på 47 prosent – den gongen godt over landssnittet.

– Det er dumt med låg svarprosent, for då blir resultata ikkje like presise som dei kunne vore, seier Haug.

Elles bit han seg merke i at tilfredsheita med undervisninga har gått ned frå 2022 til 2023, frå ein skår på 3,5 til ein skår på 3,4.

- Akkurat dette er synd å sjå, for undervisning og fagleg utbytte er noko av det mest sentrale for eit godt studentliv. Openbert er dette noko HVL må gripe tak i, seier Haug.

Leiar for Studenttinget, Henrik Haug.

Vil betre organiseringa

Naustdal har vore spent på om resultatet for organiseringa av studia ville gå oppover, ettersom at dette har vore jobba mykje med over fleire år. Men studentane gav framleis ein skår på 3,3 på dette punktet, same som året før, noko prorektoren ser som eit teikn på at endå meir innsats trengst på dette feltet.

Organiseringa handlar om timeplanar, digitale løysingar, fysisk og digital informasjon og all anna praktisk tilrettelegging som gir flyt i studiekvardagen.

– Vi lever i ei verd med mykje informasjon, og då er det lett å bli overvelda. Difor er det ekstra viktig at vi greier å løyse organiseringa kring studia slik at studentane ikkje må bruke mykje krefter på å forstå det.

Mange held seg heime

Eit anna punkt Naustdal interesserer seg mykje for er engasjementet til studentane. Også dette har dei meldt tilbake om via Studiebarometeret. Der vurderer dei sitt eige engasjement til å ligge på 3,5 ut av 5 – eit hakk betre enn året før. Prorektoren ønsker å sjå ein auke på dette punktet, og ho har ein idé om kva som kan hjelpe:

– Eg trur at ein viktig nøkkel er å få til betre oppmøte på campus. Mange sit nok mykje heime og studerer aleine i staden for å komme på undervisninga, vere på campus og jobbe saman med andre, seier prorektoren.

Å få studentane til å vere meir til stades på campus vil forhåpentleg kunne bidra til at dei blir meir nøgde med det meste, trur Naustdal. Informasjon flyt lettare når folk er saman fysisk. Det psykiske læringsmiljøet blir også betre når dei blir kjent med kvarandre og bruker tid saman. Til og med undervisninga kan få seg eit solid løft, trur ho, om langt fleire studentar faktisk hadde vore til stades i undervisningslokala, også når det ikkje er obligatorisk.

– Når det kjem få studentar, gjer det noko med både studentane som kjem og undervisaren. Energien og engasjementet blir vanskelegare å halde oppe, seier Naustdal.

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal. Foto: HVL/Eivind Senneset

Ny arbeidsgruppe ser på saka

For nokre månadar sidan blei det nedsett ei ny arbeidsgruppe som skal jobbe nettopp med mål om å få fleire studentar til å møte opp og delta aktivt i undervisninga. Arbeidsgruppa innhentar mellom anna innspel til arbeidet frå dei meritterte undervisarane og HVL-lærarar som har vunne pris for å levere ekstra høg kvalitet på undervisninga si.

- I strategien til HVL legg vi vekt på at læring og undervisning skal skje på måtar der studentane sjølve deltek aktivt. Her vil vi jobbe vidare saman med studentane for å legge til rette for dette. Arbeidsgruppa er eit godt steg på vegen, seier ein optimistisk prorektor.

To HVL-studentar vi tek kontakt med kan begge skrive under på at det å vere mykje saman med medstudentar og lærarar er avgjerande for å ha det bra i studietida.

- I klassen min er vi berre 20 personar, og vi møter opp stort sett heile tida, med mindre vi er sjuke. Det betyr vi kjenner kvarandre godt, og vi blir trygge av det – torer å ta ordet, svare på spørsmål, prøve ut ting framfor dei andre, fortel Jeanett Bråtveit Kirketeig.

Ho går på grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. klasse på campus Stord. Og nett i yrket ho siktar mot, er det ekstra viktig å få mykje øving i å stå framfor andre, leie ei gruppe.

- Vegen til å få hjelp frå lærar eller medstudentar, er kort. Eg kjenner meg sett, seier ho.

Det sosiale er avgjerande

Mathias Hagen Skrede, bachelorstudent på økonomi og administrasjon i Sogndal, har meir blanda kjensler om kor viktig det er å alltid møte opp på all undervisning. I hans erfaring er det viktig å vere til stades på slikt som matematikk-timar, der undervisaren går aktivt gjennom metodar på tavla, men mindre viktig om det er stoff han kunne lest seg til sjølv på kortare tid.

– Samstundes må eg seie at eg er svært nøgd med undervisninga på studiet mitt. Då eg først starta på dette studiet, var eg var eigentleg ikkje så interessert i økonomi, men no er eg det, seier han.

– Men det gode sosiale miljøet i klassen er likevel den aller viktigaste inspirasjonen min. Her på studiet har eg funne vener som passar betre med meg enn nokon andre eg har møtt før i livet, og det betyr alt!

Mathias Hagen Skrede, student ved økonomi og administrasjon i Sogndal.