Høgskulen gjer det bra

- Fleire av studia ved Høgskulen på Vestlandet er blant dei best likte i landet. Særleg hyggelig er det at ingeniørstudia våre jamt over får gode tilbakemeldingar frå studentane. Men Studiebarometeret 2019 viser også at HVL har forbetringspotensial på enkelte område. Det er hovudinntrykket prorektor Bjørg Kristin Selvik sit igjen med frå den nasjonale undersøkinga som blei offentliggjort 12. februar.

Mange av ingeniørstudia ved HVL, som f.eks. data, bygg og kjemi, er blant dei aller mest populære i landet innan sine fag. Og bachelorstudiet i produksjonsteknikk er blant dei best likte uavhengig av fagområde. To masterstudium ved HVL ligg også på dei nasjonale topplistene – masteren i barne- og ungdomslitteratur og masteren i kreative fag og læreprosessar, begge ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Nyttig tilbakemelding

- Studiebarometeret er ei nyttig tilbakemelding frå studentane. Og hovudbodskapet er at vi tilbyr gode studium. Vi er den høgskulen som utdannar flest lærarar, er blant dei største innan helsefaga, har eit breidt tilbod av ingeniørstudium og tilbyr alt i alt rundt hundre utdanningar. Og den store kandidatundersøkinga i januar viste at studentane finn at utdanningane er svært relevante for arbeidslivet, seier Bjørg Kristin Selvik, som er prorektor for utdanning ved HVL. 

- Det at heile 63% av studentane har svara på undersøkinga, gjer at vi ser på desse tilbakemeldingane som høgst representative og viktige. Vi ser for eksempel at den store omorganiseringa av høgskulen etter fusjonen i 2017 har gjort det litt uoversikteleg å vere student her den siste tida. Heldigvis er den nye organisasjonen på plass no, og det trur vi studentane også vil merke på ein positiv måte. Vi ser også at innføringa av Canvas, det nye læringsplattformen alle studentane lærte seg samtidig med at undersøkinga blei gjort, nok har påvirka enkelte av svara om oversikteleg og lett tilgjengelig informasjon til studentane.

- På nokre få av studia våre skårar vi alt for dårleg. Dette tar vi sjølvsagd på største alvor. Frå år til år ønsker vi å bli betre på alle studia vi tilbyr. Vi trur vi har dei beste føresetnadane til å lykkast med det, med dyktige fagfolk og attraktive campusar over heile Vestlandet. Når den nye organiseringa av  høgskulen nå kjem på plass, vil det også vere positivt for studentane, seier Selvik.

Nytt tilbod for dei som vil bli barnehagelærar

Frå hausten av vil dei som startar på barnehagelærarutdanning ved HVL møte eit heilt nytt tilbod. – Denne utdanninga har vore organisert ulikt på de ulike campusane våre, og enkelte stader har studentane vore misfornøgde. Nå får vi eit nytt tilbod som byggjer på dei beste erfaringane våre, seier prorektor Bjørg Kristin Selvik.

Sjå heile Studiebarometeret