
Styret ga signal om campusutvikling
- Det blei eit bra og interessant seminar med svært gode presentasjonar og kor vi i diskusjonen fekk fram mange ulike perspektiv. Men det kom naturleg nok også opp ein del utfordringar som vi må arbeide godt med framover. Campusutvikling femner heile breidda i samfunnsoppdraget vårt, seier styreleiar Arvid Hallén.
Høgskulestyret har vore samla i to dagar på campus Stord. Startskotet gjekk onsdag 5. mars og den dagen var i all hovudsak sett av til styreseminar.
Første del handla om campusutvikling.
Rektor Gunnar Yttri og prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, innleia. Rektor synte til rammene rundt tematikken med fusjonsavtale, strategi, UH-lov, universitetssøknad og tildelingsbrev frå departementet. Resaland presenterte eit breitt faktagrunnlag og utviklingstrekk i HVL og dei fem campusane. Dei tre prodekanane for regional utvikling, Øyvind Midtbø Berge, Monica Wammen Nortvedt og Sigurd Sandvold, viste korleis fakulteta arbeider kvar for seg og saman for å styrke og utvikle alle fem campus.
Prorektor Geir Kåre Resaland viste og korleis HVL arbeider med å profilere campusane i marknadsføringa.
Studenttingsleiar Andrea Grutle snakka om kor viktig studentliv er for campusane og då inn i mot læringsmiljø, trivsel og tilhøyrsle. Til slutt gav styremedlemmene Bjørn Håvard Bjørklund og Erik Kyrkjebø kvar for seg eit bilete på korleis ein kan arbeide systematisk og godt i samspelet mellom høgskule og arbeidslivet.
Sjå nærmare på campusprofilar
Arvid Hallén seier at styret tykte det kom opp mange gode perspektiv og at diskusjonane legg eit godt grunnlag for det vidare arbeidet.
- Eit sentralt stikkord var campusprofil og kva moglegheiter som ligg i ei slik tilnærming. Campusutvikling må i større grad handle om å dyrke komparative fortrinn. Samstundes må det skje innanfor økonomiske rammer, heilskapleg studieportefølje og rekruttering.
- Å finne den gode balansen i alt dette er ei viktig oppgåve som styret vil ha merksemd på i det vidare.
Bruke ressursane best mogleg
Den andre seminar-temaet var arbeidet med kriterium og strukturar for vurdering av omfordeling av basismidlar mellom fakulteta. Her fekk styret ei orientering om kor utgreiingsarbeidet står.
Høgskulen har ansvar for å dimensjonere studietilboda etter samfunnet sine kompetansebehov og studentane sine ønskje. Det kan krevje omfordeling av studieplassar som er det sentrale elementet i den økonomiske fordelingsmodellen. Utgreiingsarbeidet skal mellom anna avklare ulike omstende som må vurderast om ein skal omfordele.
- Styret gav fleire innspel og understreka at dette er ei krevjande sak som fordrar involvering og forankring. Samstundes er det heilt nødvendig at vi får fram ein modell eller retningslinjer for ei slik omfordeling.
- Vi har ansvar for å bruke ressursane våre best mogleg for å møte behov i samfunnet. Då handlar det om å finne gode haldepunkt for dei vurderingane som vi treng å gjere i det vidare.
- Så er ein i styret opptekne av at arbeidet må forankrast godt i høgskulen. Styret fekk i dag ein første kjennskap til det som arbeidsgruppa har fått fram. Det er ein kompleks sak som også treff campusutvikling. Vi må arbeide godt for å gjere kloke og riktige grep.
Halde oppe arbeidet
Av vedtakssaker på styremøtet var det særleg årsrapport 2024, rekneskap 2024 og endeleg budsjett 2025 som blei diskutert.
Fleire i styret ga ros for arbeidet med omstilling i 2024 og at ein har levert gode resultat.
- Det har vore eit godt og omfattande arbeid med omstilling og det har gitt effekt. Aktiviteten er jamt over god og styret ser at arbeidet styrkar universitetssøknaden. Så er det framleis trong for å halde oppe arbeidet med å tilpassa verksemda til strammare rammer. Her lyt vi ha høg merksemd på alle nivå.
Brei kunnskapsinnhenting
I saka om tidslinje for vurdering av medverknad i HVL og styringsmodell i fakulteta, ga styret god respons på at arbeidet kjem raskare i gang enn det som var skissert ved sist styremøte.
Styret var opptekne av at ein aktivt hentar inn erfaringar og lærdommar frå andre institusjonar, at det vert arbeid breitt med kunnskapsinnhentinga og at ein syter for god representasjon og eit tydeleg mandat for arbeidsgruppa.
Sjå studiebarometer i ein heilskap
Styret handsama og mange orienteringssaker.
Studiebarometer 2024 var ei sak som mange tok ordet i. Fleire av styremedlemmene peikte på at det fysiske læringsmiljøet får jamt god skår. Det same med bibliotektenester og enkelte studieprogram. Barnehagelærarutdanninga på Stord blei løfta fram.
Andre medlemmer peikte på at ein må sjå nærare på område der ein har svak skår over tid. Å betre informasjonsflyten i utdannings- og studiekvardagen var eitt punkt som vart trekt fram. Andre tok til orde for at studiebarometeret må sjåast og forståast saman med både emneevalueringar og andre tiltak som skjer i dei enkelte studieprogramma.
Fleire årsrapportar frå dei ulike ombodstenestene var også på styrets bord.
To av årsrapportane, frå studentombodet og personvernombodet, ønskte styret vart følgd opp i komande saker til styret.
Ingvild Brekke Myhre er prosjektleiar for "Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering". Eit oppdrag HVL har for Kunnskapsdepartementet, og som høgskulestyret fekk ei orientering om på styremøtet.
Høgskulelektor Silje Midtbø Økland og kollega John-Arne Birkelund viste styremedlemmene Tom Are Trippestad og Kristine Koperud Timberlid korleis VR-briller blir brukt i undervisinga på sjukepleierutdanninga. Til kvart styremøte står eit campusrelevant tema på sakskartet. Denne gong var det bruk av digitale læringsverktøy i sjukepleien.