Vedtok budsjett, leiingstruktur og studieportefølje
Omstillingsarbeidet i 2024 har gitt resultat i HVL. Dette saman med noko betra økonomiske prognosar gjer at tiltak som sluttpakkar eller oppseiingar ikkje er aktuelt i høgskulen i overskodeleg framtid. Dette kom fram i årets siste styremøte.
Av større saker var budsjett 2025, ei sak fleire tok ordet i og ei sak som gav retning for mange av dei andre sakene på styrets bord under møtet torsdag 21. november ved campus Bergen.
Fleire av styremedlemmene gav god tilbakemelding på omstillingsarbeidet og arbeidet med å tilpasse drifta til ein strammare økonomi.
Studentrekruttering og gjennomstrøyming viktig for økonomien
– Styret ser at det vert arbeidd godt med omstilling og tilpassing til trongare økonomiske rammer. Lågare utgifter til straum og husleige, samt eit betre studentopptak hausten 2024 har også positiv innverknad. Prognosane ser noko betre ut og budsjettet for 2025 er styrka, seier styreleiar Arvid Hallén.
Men optimisme og lyspunkt i framhaldet er avhengig av fleire faktorar.
– Det å oppretthalde god studentrekruttering og gjennomstrøyming blir viktig. Så må vi halde fast i arbeidet med å hente inn fleire ekstern midlar både gjennom oppdrag og forskingsaktivitet nasjonalt og internasjonalt. Det siste er også viktig for å styrke universitetssøknaden, seier han.
Omstillingsarbeidet held fram i 2025
I styremøtet kom det fram at omstillingsarbeidet har hatt god effekt i inneverande år og at det må halda fram med full styrke i 2025.
I ordskiftet om budsjett peika rektor Gunnar Yttri på samarbeidet med dei hovudtillitsvalte.
– Gjennom heile året har vi hatt med dei tillitsvalte i omstillingsprosessane. Dette har vore viktig og gir også grunnlag for at vi kan styrka HVL samstundes som vil omstiller, seier rektor.
Han understrekar at talet på årsverk i HVL framleis skal reduserast.
– Men slik det ser ut no treng ikkje HVL ta i bruk verkemiddel som sluttpakkar eller oppseiing. Reduksjon i tal tilsette vil skje gjennom naturleg avgang, seier rektor. Og legg til:
– Samstundes treng vi god kontroll med tilsettingar også frametter. Det er den einskilde leiar som må gjera strengt kritiske og strategiske vurderingar om tilsetjingar. Dette innanfor rammene av kompetansebehov og ein vedvarande stram økonomi.
Styremedlemmene Solveig Råheim Grønsdal, Kristine Kopperud Timberlid og Erik Kyrkjebø.
Campusperspektivet viktig for den tredje prorektorrolla
I saka om leiarstruktur vedtok styret å halda fram med tre prorektorar inn i ny åremålsperiode. Korleis ein kan styrka og utvikla regional utvikling var framme i diskusjonen. Å styrke campusperspektivet vart peika på som viktig blant fleire.
Styret ønskte også ein tydelegare og raskare framdriftsplan for å greie ut moglegheiter og utfordringar knytt til ei eventuell ordning med fakultetsstyre. Dette vert sett i samanheng med kommande universitetsstatus.
Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik.
Strategisk forskingssatsing og studieportefølje
Handsaminga av saka om strategisk forskingssatsing blei i stor grad diskutert i lys av innrettinga av den resultatbaserte forskingskomponenten på 50 millionar kroner. Diskusjonen i styret gjekk på kva konsekvensar innretninga vil få på kort og lang sikt for fakulteta. Styret bad om å bli orientert om utviklinga og erfaringane.
Styret har gjennom året handsama studietilbodet ved fleire høve. 21. november vedtok styret den samla eigenfinansierte studieporteføljen for 2025/2026.
Studietilbodet vert ikkje radikalt endra samanlikna med i år, men det er gjort mange grep for å justere ressursbruken og måten studieprogramma blir tilbydd på. Nokre av justeringane handlar om at fleire utdanningar no blir deltidsutdanningar eller at utdanningane er lagt om til å vere nett- og samlingsbaserte.
- Det ligg politiske forventningar til oss om at vi skal tilby fleksible utdanningar. Samstundes må vi heile tida halde blikk på å utvikle ein samla studieportefølje som bidreg til levande campus, sa prorektor Anne-Grethe Naustdal i si innleiing.
Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal.