
Saker til styremøte 26. november
Torsdag 26. november har styret i Høgskulen på Vestlandet møte ved campus Bergen. Studietilbodet for studieåret 2027/28, budsjett 2027 og revidert strategi for HVL/Univest 2023-2030 er blant sakene som skal handsamast.
Under følgjer framlegg/innstilling i sakene:
Studietilbodet 2027/28
HVL legg opp til å vidareføre eit stort studietilbod ved alle fakultet og ved alle campus: I Førde, i Sogndal, i Bergen, på Stord og i Haugesund, kommande haust. Det er planlagt fleire nye satsingar og nokre omleggingar. Her er dei viktigaste endringane:
Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Nye studieplassar i statsbudsjettet gir oppstart av ei bachelorutdanning i vernepleie på deltid ved campus Haugesund hausten 2027.
- Tilføringa av 180 studieplassar frå omfordeling vert brukt til å styrke bachelorutdanninga i sjukepleie (heiltid og deltid) ved alle campus.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Ei ny forsøksordning for grunnskulelærarutdanning 1.-10. trinn er planlagt etablert med samlingar på campus Stord og Haugesund.
- Barnehagelærarutdanning på heiltid med samlingar både ved campus Stord og Haugesund er ei omlegging av dagens ordinære utdanning.
- Satsinga på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning held fram. Til hausten vert den lyst ut i Førde.
- Fakultetet har justert ned porteføljen med 180 studieplassar fordelt over fleire tilbod, i tråd med omfordelinga.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Bachelor i informasjonsteknologi, produktutvikling og teknologileiing ved campus Haugesund og i Førde, samt masterprogrammet Vest Entreprenørskole ved campus Bergen er nye studium.
- Utdanninga «Vestlandsbioingeniøren» startar opp på bakgrunn av nye studieplassar i statsbudsjettet.
- Maskinoffiserutdanninga som og fekk midlar i statsbudsjettet har planlagt oppstart i Haugesund hausten 2028.
Budsjett 2027
Budsjettet viser at økonomien i høgskulen styrkar seg grunna at rammeløyvinga frå Kunnskapsdepartementet gir HVL ein samla realvekst på 1,7 prosent. Det inneber noko auka handlingsrom til å styrka både utdanning, forsking og innovasjon i tråd med mål og ambisjonar i strategi, samt til å prioritere område knytt til utvikling av HVL som organisasjon.
Revidert strategi for HVL/Univest:
Den reviderte strategien har tydeleggjort profilen og den regionale forankringa i høgskulen. Samhandling på tvers av fagmiljø og mellom utdanning, forsking og innovasjon er også løfta fram som eit klårt mål.
Rapport om studentopptaket og rekrutteringsarbeidet 2026
Det er registrert 4107 nye studentar ved HVL i år. Tal møtte studentar syner ei auke frå i fjor til i år. HVL har auka fyllingsgraden på fleire utdanningsområde, og er blant dei tre universiteta/høgskulane med mest auke i delen møtte studentar. HVL har samla sett 17 381 registrerte studentar hausten 2026.
Andre saker høgskulestyret skal handsame i møtet torsdag 26. november:
- Handlingsplan for berekraftig utvikling ved HVL 2027 – 2032
- Utgreiing av styringsmodell med tilsett eller valt rektor i HVL
- Tidsline for vurdering av styringsordning i fakulteta i HVL
- Eksterne styremedlemmer i høgskulestyret 2027 - 2031
Styret vil i møtet få ei oppdatering for universitetsprosjektet og ei orientering om arbeidet med utvikling av nordtomta i Bergen. Styret vil også møte Studenttinget på Vestlandet.
Lenke til styresakene:
https://opengov.360online.com/Meetings/hvl-uninett/Meetings/Details/905161
Strøyming og køyreplan
Styremøte vil bli strøyma og køyreplan for møtet vil bli lagt ut på denne nettsida: https://www.hvl.no/om/styret/styremoter-2026/