Styret går vidare med å vurdere omfordeling av studieplassar 

Høgskulestyret ga retning i saka om strategisk dimensjonering – omfordeling av studieplassar mellom fakultet.

– Styret ser at det er behov for å omfordele studieplassar og ønskjer å finne den beste heilskaplege løysinga for HVL. I utviklinga av saka må vi balansere ulike omsyn som ikkje svekkar våre overordna mål og ambisjonar om tre sterke fakultet og fem levande campus, seier styreleiar Arvid Hallén.

Kvart fjerde år har høgskulestyret vedteke at HVL skal vurdere dimensjoneringa av studietilbodet for å sikre at det er best mogleg tilpassa kompetansebehova i samfunnet, dei økonomiske rammene til høgskulen og rekruttering av studentar. 

Under styremøte ved campus Bergen torsdag 10. september brukte styret god tid på å drøfte saka om strategisk dimensjonering – omfordeling av studieplassar mellom fakulteta i HVL.

I det vidare arbeidet med saka til styremøtet 22. oktober peikte styret på at ein ikkje må låse seg til to alternativ for omfordeling, men holde ting meir opent og ta med alle fire alternativa som styret låg til grunn og som konsekvensvurderingane har tatt utgangspunkt i.

Fleire styremedlemmer peikte på at ein i arbeidet treng å løfte blikket, anerkjenne utfordringane, men og ta ansvar for å finne gode kompromiss og at ein skapar ro. 

- Alle ser dilemma og utfordringar som ligg i saka. Fakultet for helse- og sosialvitskap rekrutterer svært godt og det er stort behov for sjukepleiarar og andre helse- og sosialfagprofesjonar i åra som kjem. Samstundes er det ikkje tvil om at vi treng sterke lærar- og barnehagelærarutdanningar og andre utdanningar i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. HVL har ei av landets største lærarutdanningar, og sjølv om rekrutteringa til fleire av utdanningane har vore ei utfordring dei seinare åra, må vi gjere kloke prioriteringar som står seg godt og som styrkar oss i det vidare. Det er og behov i Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap som vi må ta omsyn til i arbeidet framover, seier Hallén.

Han understrekar at ei omfordeling skal stå seg inn i HVL sin strategi.

- Vi skal halde fast i måla og ambisjonane med å vere eit universitet med god regional forankring og fem levande campus. Vi skal ikkje svekke, men styrke og utvikle høgskulen vidare.

At saka skapar stort engasjementet i og utanfor høgskulen viser at ho betyr mykje for både tilsette og studentar, og at HVL er ein viktig institusjon med eit stort og breitt samfunnsoppdrag, meiner Hallén.

Styret signaliserte i vedtaket at ein i den vidare saksutviklinga må arbeide fram løysingar som tek i vare heilskapen og i større grad legg til grunn meir tverrfakultært samarbeid inn i fag- og campusutviklinga. I arbeidet må det og gjerast vurderingar som reduserer eventuelle uheldige konsekvensar gjennom å sjå på bruk av økonomiske verkemidlar og avsetningar.

I saka vedtok også styret å utvikle saka vidare  langs følgjande prinsipp:

  • HVL skal ha mål om å fylle studieplassane og utdanne kandidatar som samfunnet treng og etterspør

  • HVL skal ha mål om å utnytte dei samla ressursane betre i møte med regionale og nasjonale kompetansebehov

  • HVL skal sikre betre samsvar mellom basistildelinga til fakulteta og den reelle studieaktiviteten, og arbeide fram rimeleg like vilkår mellom fakulteta for å utføre heile samfunnsoppdraget

  • HVL skal ta omsyn til den regionale og nasjonale konkurransesituasjonen for utdanningar i HVL.