Vedtok styringsprinsipp for dimensjonering av studieporteføljen

Høgskulestyret vedtok i vårsemesterets siste styremøte to styringsprinsipp i arbeidet med å dimensjonere HVL sin studieportefølje. 

- Saka har vore til handsaming i styret ved fleire høve og det er bra at vi no har fått dei to styringsprinssippa på plass, seier styreleiar Arvid Hallén. Han følgde styremøtet digitalt og nestleiar i styret, Wenche Kjølås, leia styremøtet ved campus Bergen.


Wenche Kjølås er nestleiar i HVL sitt styre. I dag leia ho styremøtet ved campus Bergen.

Medan det første styringsprinsippet er knytt til vurderingar av basisfinansieringa i høve til den samla aktivitetsutviklinga i fakulteta, og vil bli gjort i samband med utarbeiding og evaluering av strategiplanen og periodisk evaluering av studieporteføljen kvart 4. år, vil styringsprinsipp to primært vera knytt til vurderingar av tiltak med midlertidig finansiering, og vil bli gjort i dei årlege prosessane knytt til studieporteføljen og årsbudsjett. 

- I drøftingane i styret kom det fram at ein må få fram eit godt og heilskapleg vurderingsgrunnlag i arbeidet med å bruka styringsprinsippa. Det ble lagt inn i vedtaket. 

Hallén seier at med eit godt og foreint vurderingsgrunnlag på plass vil styret vera i stand til å gjera strategiske vurderingar og eventuelt kunne omfordele studieplassar om det skulle bli naudsynt. 


Høgskulestyret møtte og dei hovudtillitsvalte og hovudverneombodet i dagens møte.

Av andre saker som styret handsama var arbeidet med strategisk forskingssatsing.

- Dette er ei sak som styret har handsama før og ønska god framdrift i. Vi treng ei klår retning på forskingsarbeidet for å styrke det nye universitetet vårt. Til grunn ligg strategien vår og dei mål og ambisjonar som er teikna ut der. 

- Det er mange gode oppspel i framlegget. I det vidare treng vi å konkretisere tiltak og finne fram til gode verkemiddel for å lukkast. Ikkje minst med å bygga enda sterkare og leiande fagmiljø som vinn fram i konkurransen om midlar. Dette må balanserast klokt og godt. Det fordrar gode prosessar og involvering av fagmiljøa. Styret ser fram til å sjå det vidare arbeidet med saka.


Rektor Gunnar Yttri orienterte om at mai og juni er travle og flotte dagar på alle høgskulens fem campus. Eksamen, presentasjon av bachelor- og masteroppgåver og høgtidleg markering av avgangsstudentar avrundar vårsemesteret på beste vis.

Budsjettprosessen for 2026 var og til orientering. Det same med verksemdsrapport og rekneskap for første tertial.

- Styret merker seg at det vert arbeidd godt på mange område og at samfunnsbidraget er stort. Det er og god økonomistyring. Så er det nokre felt som vi treng å styrka oss på. Gjennomstrøyming på bachelorutdanningar og vitskapleg publisering er område som treng høg merksemd i det vidare, oppsummerer styreleiar Arvid Hallén.

Her finn du styrsakene for møtet 12. juni 2025