
Styret peiker på heilskapleg konsekvensvurdering
Saka om strategisk dimensjonering av studieporteføljen - omfordeling av studieplassar mellom fakulteta i HVL – vart diskutert i styremøte torsdag 11. juni. - Styret vedtok at ein ikkje går vidare med det mest omfattande framlegget på 720 studieplassar, men at ein i staden ber om vurdering av konsekvensar av fleire meir avgrensa alternativ, seier styreleiar Arvid Hallén.
Utgangspunktet for saka er at rektor har invitert fakulteta og andre linjer i HVL om å konsekvensvurdere to alternative omfordelingsforslag av studieplassar. Saka har fått stor merksemd internt og eksternt.
- Dei to framlegga har nok vore oppfatta som endelege framlegg og meir omfattande ein det ein hadde sett for seg. Det har skapt uro.
Han fortel at det blei ein brei diskusjon i styret.
- Vi trengte å bruke tid på saka og vi fekk fram ulike perspektiv på kva som er ein tenleg vidare prosess.
I tråd med invitasjonen
Han seier det er støtte i styret til at HVL må vurdere kva omfang og nivå for omfordeling av studieplassar som er mogleg å få til for å møte det store behovet som no er for å finansiere opp og vidare auke talet på studieplassar inn i Fakultet for helse- og sosialvitskap.
Hallén seier at styret også minna om at ein i det vidare arbeid med saka har med seg dei føresetnader om breie konsekvensvurderingar som var lagt gjennom styret si handsaming av saka i november i fjor, som er i tråd med rektors invitasjon til konsekvensvurderingar.
Her heiter det mellom anna at alle framlegg skal risikovurderast opp mot prinsippa for strategisk utvikling av studieporteføljen, Kunnskapsdepartementet sine rammer og styringssignal, forsking og innovasjon, og omsyn til kunnskapsberedskap og fagmiljø.
Treff behova i samfunnet godt
Hallén seier at HVL er ein institusjon som har utdanningar og fagmiljø som treff behova i samfunnet godt.
- Det har alltid vore eit premiss at vi må ha med oss dette når vi no vurderer ei omfordeling av studieplassar for å sikre likare vilkår mellom dei tre fakulteta våre.
- Målet vårt er å få til ei så god og heilskapleg dimensjonering som mogleg. Vi må sjå langsiktige behov og gi føreseieleg rammer til alle fakulteta, slik at dei er godt rusta til å utvikla både utdanning, forsking og innovasjonsarbeidet til det beste for samfunnet og møte endringar og svingingar.
God og samla framdrift
Hallén seier at det var viktig at styret fekk brukt tid på saka i møtet.
- Det var viktig for styret å få diskutert og opplyst saka godt og finne ei god og samla framdrift utan å gjera endringar i tidsplanen.
No vil det bli arbeidd fram meir avgrensa alternativ som skal konsekvensvurderast.
- Styret ser fram til å få gode saksgrunnlag gjennom hausten, slik at vi får gode og presise grunnlag for vedtak. Denne saka står i nær samanheng med fleire andre avgjerande saker som budsjettprosess og studieportefølje. Revisjon av strategi og utviklingsavtale er også rammer inn i dette. Difor er det viktig å halde framdrifta.
Ytterlegare styrking av forsking
Av andre saker styrt handsama i siste møte før sommaren var styrking av forsking.
- Det er ei fin sak. Gode rammer for forskingsverksemda er viktig for HVL og det kommande universitetet. Saka følgjer opp tidlegare vedtak og satsingar, seier Hallén.
Styret vedtek i denne saka å løyve 68 millionar kroner til følgande tiltak innan forsking i perioden 2027-2029:
- Forskingstermin - inntil 20 millionar kroner
- Tidleg karriere talentutvikling - inntil 24 millionar kroner
- Insentivmidlar til fakulteta - inntil 18 millionar kroner
- Forskingsinfrastruktur - inntil 6 millionar kroner
I saka om medverknad og styring slutta styret seg til framlegget i saka om at ein arbeider vidare langs to hovudlinjer:
- Utvikling av medverknad i HVL innanfor gjeldande struktur og system, basert på kunnskapsgrunnlaget og innspela frå prosjektet. Første steg er å utvikle ein metode for systematisk oppfølging av forbetringstiltaka knytt til medverknad, inkludert ei tidsline for arbeidet.
- Vidare utgreiing av innføring av fakultetsstyre, fram mot eit styreseminar i oktober og ei prinsippavgjersle i saka.