
Økonomi, studieportefølje og policy for forsking
Det var tre av hovudsakene i høgskulestyrets møte torsdag 20. november ved campus Bergen.
I budsjettsaka er hovudbiletet at HVL har ein sunn økonomi.
- Styret har merka seg at det er gjort eit stort arbeid i heile organisasjonen over tid for å tilpassa drifta til knappare rammer, seier styreleiar Arvid Hallén.
- Det gir oss eit godt grunnlag framover til å utvikle og styrke det nye Universitetet på Vestlandet.
Hallén understrekar at økonomisaka som styret fekk i dag handlar om korleis tildelinga frå Kunnskapsdepartementet vert fordelt i tråd med høgskulen sin vedtekne rammefordelingmodell.
- Løyvinga frå departementet som vi får tildelt i statsbudsjettet utgjer ein stor del av budsjettet vårt. I tillegg har vi inntekter knytt til bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet. Det er viktig at vi ser desse tinga i samanheng.
Strategiske midlar og erfaringar
Styret ba i oppfølginga av budsjettsaka at ein i kommande økonomisaker får tydelegare fram korleis utviklinga i rammene til fakultet og fellestenester og institusjonskostnadar har utvikla seg over tid.
Dei strategiske midlane i budsjettet var også styret oppteken av. Både innretning og omfang.
- Desse perspektiva vil styret få på bordet på nyåret når vi skal handsame endeleg budsjett for 2026. Da har vi også med oss årsrekneskapen for 2025 og vi har med oss eit vedteke statsbudsjett. I tillegg vil vi ha ei breiare oversikt kring dei strategiske midlane og erfaringane knytt til dei.
Opnar fleire vegar
I saka om studieportefølje for studieåret 2026/27 vedtok styret fleire satsingar i fakulteta. HVL startar opp ei internasjonal masterutdanning innan teater saman med fleire partnarar. Det blir også lyst ut samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn ved campus Sogndal. Det same med engelsk årsstudium på campus Stord - eit samlingsbasert og nettstøtta tilbod. I tillegg opnar ein for fleire vegar inn i ingeniørfaga, gjennom både Y-veg og tresemesterordning. Styret vedtok at fem studium får eit 0-opptak for kommande studieår.
Konkretisere insentiv og verkemiddel
Vurderingsgrunnlag for dimensjonering av studieporteføljen, og rapport om studentopptak og studentrekruttering, blei og handsama. Styret ga honnør til det systematiske arbeidet med studentrekruttering og profilering, og slutta seg til grunnlaget i arbeidet med dimensjonering.
I saka om policy for forsking, som gir retning for forskingsverksemda i høgskulen fram mot 2030, ba styret om at ein i oppfølginga konkretiserer insentiv og verkemiddel som HVL bør ta i bruk for å nå målsettingane.
Les styresakene