
Ga startsignal for å greie ut nye studium
Høgskulestyret har denne veka vore samla til to-dagars møte og seminar ved campus Bergen. Faglege satsingar, økonomi, KI og revisjon av strategi – samt utarbeiding av ny utviklingsavtale har vore på sakskartet.
På seminardelen drøfta styret korleis ein skal arbeide vidare med revisjon av HVL sin strategi, og korleis ein kan sjå det inn i arbeidet med ny utviklingsavtale som HVL har med Kunnskapsdepartementet.
- Styret ser at hovudstrukturen i strategien står seg godt. Så ønskjer vi nok å få tydelegare fram våre faglege satsingar og styrkar innan både forsking og utdanning, seier styreleiar Arvid Hallén.
- Eit moment i dette er å tydeleggjere vår type universitet og vår profesjons- og arbeidslivretta profil endå sterkare. Vi er opptekne av korleis fleircampusorganiseringa kan vera med å realisere mål og ambisjonar, og gi endå meir kraft til det nye universitetet på Vestlandet.
Areal og satsing på infrastruktur blei og løfta av fleire styremedlemmer.
- Gode og tenlege areal som styrkar kjerneaktiviteten er viktig. Det er spennande tankar og initiativ rundt om i høgskulen, og det er behov for å sjå samla på dette i tida som kjem. Her vil styret få ei sak ut på nyåret som vi ser fram til.
Hallén fortel at signala frå styret inn mot revisjon av strategi og utarbeiding av ny utviklingsavtale vil bli tatt vidare ut i organisasjonen for å få innspel - før saka kjem attende til styret.
Under styremøtet vedtok styret å legga ned to studieprogram ved campus Sogndal:
- Bachelor i energiomstilling
- Bachelor i natur- og opplevingsbasert reiseliv
Styret vedtok også at høgskulen går i gong med å greie ut oppstart for tre nye utdanningsprogram:
- Entreprenørskapsskolen
- Bachelor i yrkesfaglærarutdanning
- Bachelor i tolking og oversetting i offentleg sektor
Hallén seier at styret har stor merksemd på utvikling av studieporteføljen.
- Desse tre programma er faglege satsingar og nyvinningar som styret ser fram til å få tilbake til handsaming og eventuell oppstart.
I arbeidet med studieporteføljen vert økonomi ein viktig faktor.
- Økonomisk berekraft er sentralt og heng saman med budsjett- og porteføljesakene som vi skal handsama i neste styremøte i november. I dette møtet fekk vi ei orientering om statsbudsjettet og ei god statusoppdatering gjennom verksemdsrapporten.
- Styret ser at det har vore arbeidd godt for å tilpassa oss strammare tider. Det gir eit bra grunnlag inn i 2026.
Høgskulestyret møtte leiinga ved Studenttinget på Vestlandet under styreseminaret. Her fekk ein mellom anna diskutert korleis ein kan styrke studentengasjementet.
KI var også tema på seminaret. - Styret fekk ei brei og god orientering om arbeidet. Det er tydeleg at vi er på ballen her, både i form av det arbeidet vi legg ned sjølv, men og i samarbeid med andre universitet og høgskular, og regionale aktørar, seier styreleiar Arvid Hallén. Her ser vi instituttleiar Kristin Fanebust Hetland ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag presentere ambisjonar om å etablere ein KI-lab.
Styrets seminardel fann stad i «Kronstadtorget». Eit lokale midt i høgskulebygget som framover vert fylt med god fagleg aktivitet. Her orienterer prorektor for nyskaping og regional utvikling, Øyvind M. Berge, om KI-samarbeidet i VINST-alliansen.
Styret fekk ei omvising i «Makerspace». Ei tverrfagleg satsing kor studentar frå heile høgskulen kan koma og få støtte til å vidareutvikla idéar. Høgskuleketor og mentor i «Makerspace», Frikk Hosøy Fossdal, viste styret moglegheitene og potensialet.