Styrkar ingeniørutdanning på Stord med friske midlar

Regjeringa ga i dag 5 millionar kroner til HVL. Midlane skal styrke ingeniørutdanninga som er ein del av den såkalla Stord-modellen.

- Stord-modellen er eit spennande samarbeid med ulike utdanningsløp. HVL har vore med heilt i frå starten og då med eit skreddarsydd løp for ingeniørutdanning, seier dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap i HVL.

- Tildelinga i dag styrker vår rolle i dette samarbeidet, og no er finansieringa meir på plass. 

- Denne ingeniørutdanninga fangar godt opp i seg kompetansereforma «Lære heile livet». Det handlar om omstilling og det å utdanne morgondagens ingeniørar.

- Det bygger også godt opp under høgskulen sin profesjons- og arbeidslivsretta profil og universitetsambisjonen vår.

Den skreddarsydde ingeniørutdanninga på Stord rettar seg mot personar som jobbar i Aker Solutions og andre verksemder i Sunnhordlandsregionen.

- Utdanninga vår er for dei som har fagskuleutdanning frå før og som no bygger på med ingeniørutdanning. Mange kallar dette den praktiske ingeniøren.

- Studiemodellen er skreddarsydd og studentane kombinerer jobb og utdanning. Dei vil arbeide redusert medan dei tar den resterande delen av ingeniørutdanninga på to år. Dei får altså noko avkorting av ein opprinneleg 3-årig ingeniørutdanning.

Fosse fortel at samspelet mellom høgskule og nettverket av industriverksemder på Stord og i Sunnhordlandsregionen har vore godt i mange år. Ulike utdanningar, kursopplegg, forskings- og utviklingsarbeid av ulik karakter har utvikla seg jamt og trutt

Parallelt med løyvinga frå Regjeringa har HVL fått midlar av DIKU til å utvikla fleksibel ingeniørutdanning for heile landet.

- Desse prosjekta heng i lag og styrkar kvarandre. Men dagens løyving frå Regjeringa og Kunnskapsdepartementet er midlar som skal gå spesifikt til å styrke finansiering av Stord-modellen.

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) meiner at eit slikt tilrettelagt og skreddarsydd utdanningstilbod bidreg til fleire ting.

- Intern kompetanseheving i bedriften er eit viktig mål. Dette er arbeidstakarar som er etablert her i regionen og som høgst truleg blir verande. Desse studentane ville truleg ikkje gått eit ordinært utdanningsløp ettersom dei ofte er etablert med forpliktelser med hus og heim.

- Så dette er vinn-vinn for alle partar og er er svært glad for at departementet ser at dette er ei god og teneleg løysing for den enkelte student, for næringslivet og for det grøne skiftet vi no står midt oppi.