
Styrkar støtte til undervisarar for betre utdanning og studentoppleving
Gjennom 2022 skal Høgskulen på Vestlandet gjennomføre fleire prosjekt for å styrke støtta til vitskapleg tilsette. Målet er å tilby enda betre utdanning.
Digitale løysingar gjer moglegheiter og framtida krev digital forståing og kompetanse. Startskotet for arbeidet går no.
- Vi vil tilby studentane undervisning av høg kvalitet. Det krev at vi også sørgjer for at vitskapleg tilsette får nødvendig støtte til å utvikle undervisinga, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal.
Etter å ha gjort eit innleiande arbeid i haust er prorektoren og teamet hennar no klare for å bruke 2022 til å gjennomføre planane. Alt er forankra i toppleiinga.
Erfaringar gjennom pandemien
Både studentar og tilsette har fått mykje digital erfaring frå den enorme innsatsen som er lagt ned under pandemien. Potensialet for å utvikle undervisning handlar mykje om å utvikle kompetanse og å sjå nye løysingar med utgangspunkt i teknologien.
- No gjeld det å jobbe med ei strategisk utvikling som kan bære seg over tid og gje resultat i høve auka kvalitet på læringa til våre studentar, seier Naustdal.
Prosjekt for å styrke digitalisering i utdanning
Ho er ansvarleg for prosjektet «Digitalisering utdanning» som skal løfte utdanningsområdet. Etter å ha involvert interessentar frå alle fire fakultet, samt HVL sitt Læringsmiljøutval og Utdanningsutval finst det no eit felles bilde av dagens situasjon og seks prioriterte, men ikkje rangerte, område kring utdanning:
- Samle og forsterke fagmiljø for digitalisering og utdanning
- Auke kapasitet i tilgjengelege støtteressursar til vitskapelege tilsette
- Skape betre delingskultur innan utdanning på tvers av fakultet
- Ta ei tydeleg rolle på nasjonale arenaer for digitalisering og utdanning
- Etablere struktur for å bruke data om studentane i arbeid med forbetring av utdanning
- Definere minimumskrav til digital kompetanse og vilkår for å gjennomføre opplæring
Nasjonale retningslinjer og lokale ambisjonar
Kunnskapsdepartementet lanserte 10. september i fjor «Strategi for digital omstilling i UH-sektoren». Departementet peiker på eit stort potensial i å betre nytte digitale verktøy i utdanning.
Prorektoren fortel at strategien har som mål at universitet og høgskular skal bidra med den kunnskap og kompetanse som samfunnets innbyggarar, bedrifter og offentlege etatar treng for å lykkast med den digitale omstillinga.
Innanfor utdanningsområdet har KD tydelege forventningar innanfor tre strategiske innsatsområde: «Digitalisering for fleksibel utdanning», «Digital innovasjon i undervisning og læring» og «Digitale temaer, metoder og kompetanse i alle fag».
- Kort forklart inneber dette at vi må sjå på rammene for korleis vi tilbyr utdanning, korleis læringssituasjonen er og innhald i utdanningane, seier Naustdal.
- Vi tar sjølvsagt med oss retningslinjene frå departementet i arbeidet, men har òg eigne ambisjonar.
Pedagogikk og teknologi for betre utdanning
Naustdal fortel at høgskulen har ein sterk tradisjon for pedagogikk og høg kvalitet i undervisninga. – Denne tradisjonen tar vi med oss når vi no skal arbeide vidare med meir digitale verktøy og løysingar. Nøkkelen er å setje solid fagkompetanse saman med nye teknologiske løysingar for å gjere utdanninga enda betre.
ALU (avdeling for utvikling og av læring og undervisning) er sentral i arbeidet.
- ALU si oppgåve er å fremme kvaliteten på læring og undervisning ved høgskulen. Vi arbeider med å få fleire tilsette i ALU. Vidare ønsker vi å vere enda tettare på alle fakulteta og sikre eit felles fagmiljø for dei som arbeider med å støtte og utvikle undervisning.
Tilsvarande arbeid innan fleire område parallelt
Høgskulen har gjennomført tilsvarande prosess på fleire område. I tillegg til innsatsen på utdanningsområdet planlegg vi òg prosjekt for å utvikle forskingsområdet og prosjekt som er relevante for heile organisasjonen.
- For å sikre at initiativa innan digitalisering er effektive og målretta for heile høgskulen arbeider vi langs fleire spor parallelt. Det er mykje å hente på å koordinere innsatsen kring alt vi driv med innan digitalisering, avsluttar Naustdal.