
Tar bort avstandskravet i undervisinga ved campus Bergen
Frå måndag 20. september vil avstandskravet i undervisinga ikkje gjelde ved campus Bergen.
Do you prefer to read this article in English?
Det nasjonale avstandskravet i undervisingssamanheng blei tatt bort av Regjeringa 13. august – like før studiestart. Men med eit høgt smitterykk i Bergen valte HVL å oppretthalde avstandskravet i undervisninga i ein periode frå onsdag 1. september og til og med søndag 19. september.
Den perioden vert no ikkje forlenga.
Viktig for fagtilsette og studentar
– Vi har bestemt oss for å ta bort avstandskravet i sjølve undervisinga også ved campus Bergen. Det vil gjelde frå og med måndag 20. september, seier rektor Gunnar Yttri.
– Det gjev oss høve til å tilby studentane våre meir undervisning på campus Bergen frametter. Dette er viktig for fagtilsette og studentar, som gjennom pandemien har hatt avgrensa mogelegheit til å møtes i undervisningssituasjon på campus.
Smittevernstiltaka forsvinn ikkje
Yttri peiker på at kravet til å halde avstand utanom undervisningsromma framleis gjeld, og at vi saman må vere gode til å etterleve dei grunnleggjande smittevernstiltaka. Dei forsvinn ikkje.
– Hald god avstand til kvarande elles, ha god handhygiene, bli heime og test deg viss du er sjuk eller har symptom, og støtt opp om vaksinasjonsprogrammet.
Har hausta erfaringar
– I den perioden vi no legg bak oss har vi hausta erfaringar både i Bergen og ved dei andre campusane våre kor vi ikkje har hatt avstandskrav, seier Yttri.
– Vi ser at smittetrykket i Bergen er synkande, mange er vaksinerte og vi har gode og forsterka smittervernstiltak på campus.
Bergen kommune oppmodar framleis utdanningsinstitusjonane om å ha høg merksemd på smittevernstiltaka og avstand i undervisinga.
– Vi har tatt dette med i vurderinga vår og er svært merksame når vi no går tilbake til ein situasjon utan avstandskrav i undervisinga også for campus Bergen.
Gradvis og kontrollert
Ved å ta bort avstandskrav i undervisinga også ved campus Bergen vil HVL ha meir areal til undervisning på campus utover hausten.
– Sjølv om avstandskravet i undervisingssamanheng no blir tatt bort og vi kan samla fleire studentar, så er timeplanen vår lagt og den gir klare rammer.
– Det inneber at tilbakeføringa til meir fysisk undervising vil skje gradvis og kontrollert utover hausten.
– Studentane våre vil framleis ha ein god og tilpassa kombinasjon av fysisk og digital undervising.
– Heile vegen undervegs i pandemien har vi søkt å tilby den aller beste undervisninga for studentane våre. Opne campusar har og vore ei tydeleg linje hjå oss i HVL. Det positive er at vi no framover kan gi studentane våre ein meir normal studiekvardag, seier rektor Gunnar Yttri.