Topp fagfolk på jubileumskonferanse i Sogndal

Nasjonale og internasjonale ekspertar på lærarutdanningane møttest i Sogndal for å mellom anna diskutere partnarskap med praksisfeltet, behov for reformpause og internasjonale trendar i lærarutdanningane.

- Noreg følgjer dei internasjonale trendane i lærarutdanningane med meir forskingsretta utdanning, vekt på praksistilknytinga, tru på politiske reformer, men også meir ansvarleggjering av institusjonane, sa professor Marilyn Cochran-Smith.

Saman med professor Alis Oancea, var ho representant frå den internasjonale rådgjevingsgruppa for ny femårig lærarutdanning under dag to av femtiårsfeiringa for lærarutdanninga i Sogndal. 

For lite vekt på lengre praksisperiodar i slutten av utdanninga

Ho minte om at komiteen hadde åtvara mot for mykje detaljstyring av lærarutdanninga, og at det var viktig med mykje reell skuleerfaring for studentane i fjerde og femte studieåret.

Dette siste vart etterlyst i paneldebatten på konferansen, og fleire frå sektoren meinte at det blir for mykje vekt på ei høgskulestyrt masteroppgåve og for lite på lengre praksisperiodar i slutten av utdanninga. Meir forpliktande partnarskap med skulane om oppgåva var peikt på som éi løysing her.

Dosent em. Jan Olav Fretland, professor em. Andreas Lund (UiO/Faglig råd for lærerurtdanning 2025), sekreteriatsleiar Tove Margrethe Thommesen (Faglig råd for lærerutdanning 2025),  Elaine Munthe (professor og senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning, UiS),  Marilyn Cochran-Smith, Lych Scool of Educaton and Human Development - Boston College, Kari Smith, prof II HVL, Knut Steinar E, professor og seniorrådgjevar HVL, samt medlem Faglig råd for lærerutdanning 2025.

Bygger på tilrådingar frå det internasjonale arbeidet

Leiar for det nasjonale kunnskapssenteret for utdanning, professor Elaine Munthe og nyleg avgått leiar for NAFOL, professor Kari Smith, var også sentrale i programmet. I tillegg deltok fleire frå Fagleg råd for lærarutdanning, den nasjonale komiteen som gjev råd om lærarutdanning fram mot 2025.

Spørsmål knytt til partnarskap, elevens læring, rekruttering, ansvarleggjering og behov for reformpause var mellom dei sentrale punkta i diskusjonane. Likeins forholdet mellom praksisfelt og høgskule.

Representantane frå det nasjonale rådet understreka elles at dei byggjer viktige delar av arbeidet sitt på tilrådingane frå den internasjonale rådgjevingsgruppa. Dei viste gjennom fleire rapportar frå arbeidet sitt at vi er på rett veg, det blir levert interessant forsking og fleire innovative døme på partnarskap vart lagt fram.  

Kari Smith summerte opp dagen i fem utfordringspunkt:

1. Behov for likeverdige partnarskap i alle ledd

Likeverdige partnarskap i alle ledd av lærarutdanninga. Innhaldet i praksisdelen er særleg viktig her, også spørsmålet om det trengst eit eige år med rettleiing etter utdanninga.

2. Rekrutteringsutfordringar til læraryrket gjev ringverknader

Rekrutteringa er svakare internasjonalt, som i Norge, og dette gjev ringverknadar i heile systemet. Oppvekstleiaren i Sunnfjord kommune melde om dramatisk nedgang I søkjartal til nye lærarstillingar. Nyare forsking tyder på at det er ikkje lønn som er viktigaste grunnen, heller behovet for opprykksordningar og for stabile system over ein lengre periode.

3. Viktig med forskingsbasert utdanning

Forskingsbasert utdanning er viktig, også informasjon om relevant forsking, både for studentar og tilsette. Korleis få til dette i praksis, er ei hovudutfordring

4. Behov for mindre detaljstyring

Behov for reformpause og mindre detaljstyring frå sentrale styresmakter gjennomsyra mange innlegg gjennom heile konferansen. Det var peikt på lovnader frå departementet om forenkla system, men ein veit førebels ikkje noko om tid og retning for det. Fleire peikte på at sikker og føreseieleg økonomi er heilt grunnleggjande for å kunna møta utfordringane.

5. Å utdanne for ei ukjend framtid

Smith understreka til slutt behovet for å utdanna for ei ukjend framtid, og lanserte tema ho meinte var ekstra viktig for dagens og framtidas lærarutdanning: ein pedagogikk for å takla ubehag og usikkerheit i ei verd som er meir omskifteleg og utrygg enn før.