Ti sommarspørsmål til rektor

Rektor Gunnar Yttri har ikkje behov for å slappe av, likar ein nomadisk kvardag, synst stundom det er vanskeleg å takle kritikk og gler seg til Middelhavet og botnen av Ulriken.

Kva skal du i ferien i år?

Planen er å ha gode dagar saman med vener og familie. Deler av ferien vert ved Middelhavet, andre deler ved Sognefjorden og ved foten av Ulriken.  Så er det nok slik at eg også er på etterskot med nokre praktiske gjeremål i heimen. Hm, når eg tenkjer etter, er eg redd at ferien kjem til å verta altfor kort.

Er du ein person som greier å slappe av med det same, eller dveler du kjærleg ved strategiar, sakspapir og e-postar i dagevis før du greier å gje slepp?

Eg har i grunn ikkje noko behov for å slappa av, men det er bra å driva med gjeremål eg ikkje får gjort nok av i arbeidsvekene. Eg trur eg klarar å kopla bra om, det er berre å ta føre seg av alt det gode ferien tilbyr: bading, litt trening, litt musikk, litt turar og mange gode måltid med vener og familie, pluss ein god porsjon litteratur. Eg siktar nok mest etter å lesa skjønnlitteratur, men eg kan også lengta etter å lesa god faglitteratur.

Så er eg sjeldan heilt fråkopla. Eg tenkjer jamt og trutt på høgskulen, ikkje slik at eg går rundt og er uroleg, men eg tenkjer på korleis me kan utvikla oss frametter og også korleis me kan få til ei ønskt utvikling. Og eg tenkjer ganske mykje på at studentar og tilsette skal ha det bra.

Kva har vore dei største og viktigaste hendingane i studieåret 2021-2022?

Korona-pandemien og krigen i Ukraina. Dette er, kvar på sin måte, store og retningsgjevande hendingar i vår tid, som også har prega høgskulen og vilkåra for studentar og tilsette. Eg er veldig nøgd med korleis høgskulen har løyst det me har stått i.

Du har vore oppteken av å reise rundt og vere til mykje stades på dei ulike campusane. Korleis har det vore for deg å vere ein slik nomadisk rektor?

Vår store styrke og eit av våre fremste kjenneteikn er at me har fem campus fint spreidd på Vestlandet. Rektors hovudarbeidsplass er i Bergen. Det første eg gjorde når eg blei tilsett som rektor hausten 2020 var å kjøpa meg ei leilegheit sentralt i Bergen slik at eg verkeleg kan satsa og ha mange og gode arbeidsdagar på Kronstad. Men alle våre fem campus skal utviklast og satsast på.

For mitt leiarskap er det viktig å kjenna godt til kvar av campusane  og forstå både styrkar og veikskapar. Og så er det veldig meiningsfullt for meg å møta tilsette og studentar rundt omkring, og også dei ulike samarbeidspartar i ulike regionar. Og merk dette: Når eg er på ulike campus, så er eg ikkje på «besøk». Dette er min høgskule og dette er min arbeidsplass. Kvart campus er mitt. Med digitale verktøy og litt planlegging,  let det seg godt gjera å ha gode arbeidsdagar rundt omkring.

Vi arbeider målretta for å nå krava til å bli universitet, og så lagar regjeringa plutseleg eit utval som skal vurdere å senke krava. Er det litt ergerleg, heilt i innspurten?

Det gjer lite frå eller til. Me byggjer universitetet med utgangspunkt i gjeldande regelverk. Men vår ambisjon er uansett større enn berre å innfri det til ei kvar tid gjeldande regelverket. Me siktar mot å styrka kvaliteten i alt me driv med og på alle nivå; utdanning, forsking, nyskaping og eit spekter av administrative tenester. Og me siktar heile tida mot å spela ei større og viktigare rolle for menneske og samfunn rundt oss.

Dette står det lite om i regelverket, men det er i vårt mandat og det er vår vilje og vår meining å gjera det.  Og regelverket gir oss det sunne grunnlaget for å gjera kloke prioriteringar. Elles tenkjer eg det er heilt fint med ei vurdering av det norske universitetssystemet. Me må hugsa på at det heile er historiske resultat av politikk og stortingsvedtak, og det kan godt analyserast og setjast inn i eit internasjonalt perspektiv. Det er sunt. Noko kan forbetrast, mykje vil verta uendra.

Korleis er det når du får kritikk – slik som då Khrono skreiv om at HVL sende ein litt vel stor delegasjon til Budapest?

Kritikk er ei kjelde til utvikling. Det same er god og kritisk journalistikk. Men nemnde Khrono-artikkel meiner eg var slett og lettvint journalistikk,  rettleia av mistankens hermeneutikk og den underliggjande tanken om at det er typisk norsk å svi av fellesskapets midlar på leik, moro og billig brennevin i utlandet.  Altså; ein sender ein internasjonal korrespondent til Budapest,  men ein gir vårt omfattande arbeid for å bidra til og læra av det europeiske universitetsfellesskapet inga ære og inga meining, i alle fall inga merksemd. Dette i ei tid der Europa og den sanningssøkande meiningsbrytinga og fri vitskap er i skotlinja.

Kvar i alle dagar var Khrono då UHR-leiar og UiA-rektor Sunniva Whittaker, UiO-rektor Svein Stølen og HVL-rektor Gunnar Yttri på ulike arenaer i European University Association innleia om akademisk fridom og grunnlaget for demokratisk samfunnsutvikling? Gi meg eventuelt gjerne kritikk for å halda eit dårleg innlegg, slik at eg gjera det betre. Men ikkje kom med lettvinte og smålege jamføringar og reknestykke. Det kostar sjølvsagt meir å arbeida internasjonalt enn å stiga ikring i eige tun, men me har ein målmedviten ressursbruk.

Kanskje er desse utfalla frå mi side teikn på at eg ikkje taklar allslags kritikk so godt, likevel? I alle fall er eg både glad for at me har Khrono og at lesarane både er kritiske og reflekterte.

På HVL er mange opptekne av saka om arbeidsplassar, og om at det kanskje skal bli meir sambruk av dei. Nokre folk er nervøse for kva det vil seie for ro og konsentrasjon i arbeidskvardagen. Kva tenkjer du om det?

Høgskulen på Vestlandet er nøydd til å vera meir nøysame med arealbruken. Me har hatt ein vekst i talet på tilsette. Det er ei heldig utvikling som det ofte ligg godt fagleg utviklingsarbeid i botn for. Det er teikn på at me lukkast. Men me brukar relativt mykje av vårt budsjett til bygg.

Det er ingen signal frå eigaren vår, Kunnskapsdepartementet, om at budsjettet vert auka. Dersom me leiger fleire kontor, vil det medføra at me brukar endå meir av vår løyving til dette, og faglege ressursar kan verta skadelidande. Difor er fokuset vårt på å bruka dei areala og dei kontora me har endå meir effektivt. Me må få til dette, men me også klara å ha arbeidsplassar der ulike typar arbeidsoppgåver, vitskapelege og administrative,  kan bli skjøtta på beste vis. 

Kva blir dei viktigaste sakene til hausten?

Dei viktigaste sakene er alltid at høgskulen kvar einaste dag arbeider for å styrka utdanning, forsking og innovasjon. Og arbeidet vårt med å bygga det nye universitetet vil i komande studieår gå inn ein særleg viktig fase. På eit overordna nivå skal styret på haustparten vedta ein ny strategiplan, eit viktig arbeidsgrunnlag for det nye universitetet fram mot 2030.

So vil hausten 2022 vera kjenneteikna av at me gjer grep for å sjå utvikling av studietilbod og bruk av økonomiske ressursar i nær samanheng. Sik økonomisituasjonen ser ut må nye studietilbod anten koma ved at ein gjer endringar innanfor ramma, eller ved at ein lukkast i å få hand om ekstern finansiering. Me har framleis handlerom til gjera eigne val på dette feltet. Men me må ta grep no slik at me ikkje vert tvungne seinare.

Du likar godt å poste på Facebook frå livet på HVL, og no får du din eigen blogg. Kva vil du med den?

Eg vil utøva eit aktivt kommuniserande leiarskap. Det betyr at ein ikkje berre svarar på tiltale eller lydhøyrt følgjer dagsorden, men ein er heller i framkant og formar sjølv agenda. Høgskulen på Vestlandet har storleik og kvalitetar som fordrar nett dette. Me gjer ein skilnad i samfunnsutviklinga og i liva til einskildmenneske.

Det å skriva på fjesboka om smått og stort i høgskulen er berre ein liten del av dette. For dette med kommunikasjon er særleg krevjande i vår mangfaldige høgskule og i eit samfunn prega av ustyrleg informasjonsflaum. Det å treffa med rett informasjon til rett person til rett tid, og utan å svi av for mykje ressursar, det fordrar mykje flid. I høve til planane mine om ein eigen blogg so tenkjer eg at der kan eg både leggja ut eigne tekstar og dessutan syna fram smakebitar frå arbeidet til rektor.

Har du noko du vil seie til tilsette og studentar som skal ut i ferie no?

Eg har mykje eg vil seia, men eg skal avgrensa meg til tre ting. Det første er at eg kjenner på enorm glede ved å vera rektor for ein høgskule der det vert utført så mykje godt arbeid og der dei gode verknadane av arbeidet er så openberre. Så takk for gleda! Det andre er at om nokon i høgskulen ser meg i sommar, så er det alltid kjekt å seia hei og slå av ein prat.

Det tredje og siste: Same kvar du er og same kva du gjer – eg ønskjer deg ein retteleg god sommar!

Intervjuet er gjort på e-post