Tildelingsbrevet peiker framover

Høgskulen på Vestlandet har motteke tidelingsbrevet for 2022  frå Kunnskapsdepartementet. – Tildelingsbrevet gir oss grunnlag for å realisere strategien og å nå måla våre. Men det krev at me arbeider og prioriterer godt og klokt framover som ein sterk og moderne fleircampus-institusjon, seier rektor Gunnar Yttri.

Stortinget vedtok budsjettet for kunnskapssektoren like før jul og HVL mottok tildelingbrevet frå Kunnskapsdepartementet (KD) like etter. Her tildeler KD høgskulen ei rammeløyving på over 2,2 milliardar kroner. Løyvinga vert kombinert med styringssignal, mål og føringar, ikkje berre for 2022, men også for komande år.   

Ser spora frå Hurdalsplattforma

Rektor Gunnar Yttri fortel at tidellingsbrevet for HVL vil bli handsama i toppleiargruppe og i høgskulestyret no på nyåret.

- Me skal jobba godt med dette og gå nærare gjennom kva som ligg her. Det kan også vera aktuelt med aktiv dialog inn mot KD for å få eit best mogleg avklara rammer.

Naturleg nok  har Hurdalsplattforma set spor i tildelingsbrevet.  

- Det er klåre signal om å styrkje utdanningstilbodet i heile landet. Digitalisering og endra studie-, lærings- og arbeidsmåtar vert framheva.  Ein rettar gledeleg stor merksemd mot profesjonsutdanningane, seier Yttri.

- Han merkar seg også bodskapen om studiekapasitet gjennom tildeling av nye studieplassar og eigne omprioriteringar

Internasjonalisering og brei omtale av språk

Tildelingsbrevet gjer tydeleg at utdannings- og forskingssamarbeid med Europa og prioriterte partnarland utanfor EU skal vidareførast og utviklast. 

- Dette er viktige signal for HVL.  Her har me alt gjort gode grep og tiltak i eigne strategiar og handlingsplanar. No kan me arbeida vidare med å realisera og styrka internasjonaliseringa ved høgskulen, seier Yttri.  

Tildelingsbrevet varslar ei styrka satsing på norsk fagspråk. Her er departementet tydeleg i forventningar og bestillingar.

- Som rektor er eg trygg på at me skal aksle dette på ein fornuftig og god måte. Me har utvikla ein  språkpolitikk som legg til grunn at tilsette i høgskulen kan ta aktivt del i utviklinga av norsk fagspråk. Samstundes held me oppe trykket på internasjonal publisering. For å få til dette trengst det både gode rammer og sterkt medvit om kor viktig språket er for utdanning, forsking og nyskaping, seier Yttri.

Rektor tykkjer også at det er bra at KD i tildelingsbrevet vil  styrkja arbeidet og merksemda kring midlertidige stillingar, grøn forsking, campusutvikling, og likestilling, mangfald og inkludering.

– Dette er alle felt me alt arbeider med, men som me treng å halda oppe trykket på for å verta ein sterkare institusjon, seier rektor.

Utviklingsavtalen blir viktigare

Eit grep som departementet set monaleg meir kraft i er utviklingsavtalen.

- Denne avtalen blir stadig  meir viktig. Den teiknar til å bli eit fleirårig bindeledd mellom oss og departementet når det kjem til sjølve styringsdialogen.

- Den gjeldande utviklingsavtalen vår går ut til neste år, og me kjem til å bruka2022 til å laga ein ny utviklingsavtale med departementet. Arbeidet vil skje gjennom våren og me må sjå det inn i mot arbeidet med vår eigen strategi. Så blir det og ein ny målstruktur som inngår her og vi får høve til å sette eigne styringsparametre. HVL sine sjølvstendige innspel og ønskje må her gjerast tydelege for KD, seier Yttri

- I denne samanhengen er det ein stor styrke for HVL at me har folk både i fakultet og i fellestenester  med godt oversyn for kva tilhøve som skal til for at institusjonen skal utøva samfunnsmandatet på beste vis.

Departementet legg til grunn at utviklingsavtalane er eit grep for å få til ein betre arbeidsdeling, større mangfald og klåre profilar i det norske høgare utdannings- og forskingslandskapet.

- Førebels er det ikkje knytt økonomiske verkemiddel til desse avtalane. Men det kan koma. Då er det viktig at HVL aktivt bidreg til å få ein utviklingsavtale som gir oss rom til å utvikla og styrka institusjonen. Grunnlaget for ein god utviklingsavtale skapar me i 2022,  avsluttar Yttri.