Tobba Therkildsen Sudmann har fått opprykk til professor i folkehelse

Sudmann er med på fleire forskingsprosjekt innan fysisk aktivitet, mellom anna ridefysioterapi. Hadde ho fått ubegrensa med tid og midlar, ville ho invitert med seg studentar og kollegaer for å skapa ei betre kopling mellom helse- og sosialfag, naturfag, idrett og friluftsliv.

- Nokre gongar er det slik at forskarverda høyrer meir på ein med professortittel enn ein utan, sjølv om ein seier det same. Så dersom det å vere professor opnar nye dørar, så vil eg bruke det høvet til å trekke med meg andre opp og fram på den akademiske klatrestigen. Det er alltid viktig å bidra til at andre får kvalifisere seg til toppstillingar, ikkje minst no som vi skal bli universitet, seier nyutnemnd professor Tobba Therkildsen Sudmann ved Institutt for helse og funksjon.

Kva forskargruppe høyrer du til?

- Eg er leiar for forskargruppa «Teknologi, helse og samfunn» ved Senter for omsorgsforsking Vest, og medlem i forskargruppa «Rett, demokrati, velferd», begge ved Fakultet for helse og sosialvitskap. Eg er assosiert medlem i forskargruppa «Idrett- og helsepsykologi» ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, og med i den tverrfakultære forskargruppa «Sosial innovasjon».

Kva forskar du på?

- Forskinga mi er delt på tre felt. Det første gjeld aldring og fysisk aktivitet som helsefremming og førebygging generelt, og i tillegg eit spesielt fokus på fysisk aktivitet for personar med kognitiv svikt. Det andre eg forskar på er bruk av teknologi som støtte for sosiale og sjølvstendige liv. Det tredje feltet gjeld uteaktivitetar og utandørs rehabilitering, til dømes som velferdstenester på gard, tilrettelagt friluftsliv eller bruk av hest i helsearbeid.  

Korleis starta den akademiske karrieren din?

- Eg leverte hovudfagsoppgåva mi som artikkel med tittelen «Kjønn er (også) en jobb! Om kvinnelige fysioterapeuters håndtering av kroppslig nærhet med mannlige pasienter». Tematikken blei vidareutvikla i endå ein artikkel med tittelen «Fra ubehag til vitenskap». Som ein kanskje ser av titlane så starta mi forskarkarriere med ubehag knytta til kjønn og seksualisering av terapeutiske relasjonar.

- Forskerkarriera mi har heile tida vore drive av ting som uroar meg, anten dette er knytta til relasjonar mellom pasientar og terapeutar, eller det er knytta til undertrykking, diskriminering og sosial utestenging. Eg finn det meiningsfylt og motiverande å engasjere meg i aksjonsrettta forsking saman med dei det gjeld, og forsking som kan bidra til at dei det gjeld kan få betre liv – «get a better deal» som det heiter i samfunnsarbeid. I tillegg blir eg spesielt motivert av alt som skjer utandørs, og alt som har med teknologi å gjere.

Kan du trekke fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

- Akkurat no er eg, Anne Henriksen og Frøydis Hausmann frå Institutt for idrett, kosthald og naturfag med i eit nytt prosjekt, ALMUTH-prosjektet, saman med Universitetet i Bergen. Her ser vi på korleis nevroplastisitet i hjernen blir påverka av musikk og fysisk aktivitet. Eg er òg med i eit nytt prosjekt saman med NUI AS, som studerer nevroplastisitet etter hjerneslag.

- Samstundes er eg involvert i fleire prosjekt som studerer velferdstenester på gard, og bruk av hest i helsearbeid, slik som ridefysioterapi og hesteassisterte aktivitetar for personar i aktiv rus. Eg er òg med i eit prosjekt saman med veterinær/leiar Aurora Brønstad på Vivariet på UiB om etisk og forsvarleg bruk av hest i helsearbeid. Alle mine prosjekt går på tvers av profesjon og fag, på tvers av fakulteta på HVL, og har eksterne samarbeidspartnarar.

Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du ha forska på då?

- Det er ei interessant øving å leike at ein har uavgrensa med tid og ressursar til forsking. Då må ein kome med klare svar og prioriteringar. Men uavgrensa tid og midlar er ikkje nok om ein ikkje har studentar, kollegaar og nettverk å arbeide saman med. All forsking er kollektiv innsats. Gitt at eg har dette, ville eg ha bygd opp utdanning og forsking på utandørsaktivitetar i helse- og sosialarbeid, og fått ei betre kopling mellom helse- og sosialfag og naturfag, idrett og friluftsliv. Både utdanning og forsking må endrast slik at det bidrar til berekraftig bruk av ressursar. Eg meiner at fokuset på mennesket som privilegert og heva over anna levande ikkje er bærekraftig. Gode liv og god helse avheng av at alt levande har gode vilkår for vekst og trivsel. Her har forskarfellesskapet eit ansvar, og dei to nyaste doktorgradsprogramma ved HVL tar desse utfordringane på alvor ved å fokusera på ansvarleg innovasjon og koplinga mellom helse, omgjevnad og sosial deltaking.

Vi gratulerer med opprykket!